No er det din tur!

På Nordfjord folkehøgskule betyr skule open himmel, stjernenetter, ville fossar, lange turar, sterk utsikt, felleskap og nye erfaringar.

På Sandane i Nordfjord finn du friluftslivskulen mellom bre, fjell og fjord, Nordfjord folkehøgskule. Skulen ligg i storslått Vestlandsnatur, og forholda ligg godt til rette for eit allsidig friluftsliv.

Mange hus og mange rom
På skulen er det plass til 138 elevar. Skulen er stor og har mange rom: Smie, tresløyd, vektrom, gymsal, badstove, keramikkrom, syrom, crossbu (treningsrom) og ikkje minst ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg. Vi har òg vedfyrt badestamp, sandvolleyballbane, bålhus, store gapahuker og naust med eigne båtar rett nedanfor skulen.

Friluftslivskule
Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule. Vi har spesialisert oss gjennom mange år, og skaffa oss solid kompetanse. I 2008 vart skulen teken opp som medlem i Norsk Fjellsportforum. Vi var blant dei første skulane som fekk denne godkjenninga. Lærarane har relevant utdanning og lang erfaring med friluftsliv, og i løpet av året kjem du til å lære svært mykje om å vere ute og bruke naturen.

 

 

Du treng ikkje ha mykje friluftsliverfaring for å søkje på Nordfjord. Friluftslivskulen er meir enn friluftsliv og undervisning. Når den offisielle skuledagen er slutt, er det opp til kvar enkelt kva som skal skje. Fotball eller volleyball, vaffelsteiking, sjokoladekakebaking, isbading, spelekveld eller filmkveld. I seine kveldstimar er det plass til den gode samtalen på internatet, kanskje får de òg tid til å løyse eit verdsproblem eller to? Du og alle dei andre elevane er like viktige for å skape eit godt miljø på skulen. Skulen har plass til 138 elevar.

Kristne verdiar – ulike livssyn
Visjonen vår er at du og vi i løpet av skuleåret skal få «sette spor under ein open himmel». Det er Normisjon som eig skulen, og vi håpar at du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen her. Om du vil, kan du vere med i bibel- eller samtalegruppe, og ein gong i veka arrangerer elevane kristne kveldsmøte som du kan delta på om du har lyst. Du treng ikkje vere kristen for å gå på denne skulen. Vi ynskjer å vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for dine tankar. Her er plass for alle – uansett meiningar og livssyn.

Alder og kjønn
Gjennomsnittsalderen dei siste åra har vore 19 år, og vi har no i mange år hatt omlag like mange gutar som jenter. Eit stort fleirtal av elevane er ferdige med vidaregåande skule før dei kjem hit.

Personalet på Nordfjord folkehøgskule 2023/2024.

På Nordfjord folkehøgskule har vi bruk for,
og plass til akkurat deg.
Velkomen!