Haustens vakraste eventyr for mange – nemleg hjortejakta! Gjengen på jakt og fiske-linja får om hausten oppleve det å gå jag i flott vestlandsnatur, sitte på post og høyre jubel over jaktradioen. Dei får kjenne på gleda av at jaktlaget får dyr og dei får lære korleis ein slaktar storvilt.
Fuglejakt er også ein del av linjeopplegget på jakt og fiske.
Du får leve ut jegeren i deg. Skogane i Nordfjord er eit eldorado for erfarne jegerar og dei som har lyst til å bli det. Rype, hare, rev og hjort. Fellefangst. Gås og sel. Villsvin. Garn og line. Når jakta er over, lærer du å bruke ressursane du har hausta. Rein luksus. ­ Gode middagar, for å seie det sånn! Sjølvhjort er velgjort. Året byr og på skiturar, sykling, klatring og vakre fjelltoppar når jegeren i deg må ta ein pause.

Innhald på linja

Hjortejakt
9-12 dagar
Rype, hare- og skogsfugljakt
8-10 dagar
Villsvinjakt i Sverige
5 dagar
Havfiske/Segling
5 dagar
Innlandsfiske
5 dagar
Seljakt
3 dagar
Gåsejakt
3 dagar
Revejakt
3 dagar
Klatring
3 dagar
Toppturar
3 dagar
Fjelltur med fiskestang
3 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
Vandretur om hausten
3 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skiveke i Myrkdalen
5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen
4 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Sjå meir +
Sjå filmen
"Ein dag på hjortejakt fekk eg auge på ein bukk, og plutseleg hadde eg puls på 170! Og då satt eg dønn i ro!"
- Hanne Lindtveit

Meir informasjon om tilbodet på linja

På Friluftsliv/Jakt og fiske går det mykje i…… ja, nettopp, jakt og fiske. Og så får du mykje friluftsliv i tillegg.

Vi startar året med at dei som ikkje har storviltprøve og jegerprøve tek desse prøvene. Og så er alle klare for året, uansett om ein har mykje eller lite erfaring med jakt, fiske og friluftsliv.

Klassa er heldig og disponerer flotte jaktterreng nær skulen. Vi er i Rognkleiva og i Eimhjellen i Hyen, der vi driv hjortejakt. I Årdal i Jølster jaktar vi ryper. Det er òg høve til rypejakt nær skulen. Seint på hausten reiser vi til Frønningen, ein stor godseigedom i Sogn som disponerer inntil 100 hjorteløyve, og vi får ein bit av dette. Her kan vi óg jakte skogsfugl.

I løpet av hausten skal vi til fjells for å vandre og fiske i fjellvatn.

For dei som vil ha endå meir jakt, så kan du velje det i ei prosjektveke. I tillegg er det mange lokale jaktlag som inviterer oss til privat jakt i helgane.

Etter jul blir det vinterfriluftsliv. Då har vi skredkurs, toppturar, snøholetur, skileik og kurs i telemark.

Hvis fiskeridirektoratet opnar for det vil det bli seljakt, og om viltnemda vil blir det skadefelling av gås.

Vi skal drive med kajakk og klatring, og du får høve til å ta brattkort. Det blir segltur med line- og garnfiske, dorging etter sjøørret, revejakt og harejakt med hund. Det siste jaktprosjekt er villsvin– og beverjakt i Sverige. Vi reiser til Dylta Bruk, ei perle utanfor Karlstad.

Utstyr
I tillegg til det som står på utstyrslista, må du som elev på Jakt og fiske ha ei hagle og ammunisjon (ca. 50-100 skot). Veldig bra om du også har jaktrifle (vi har nokre rifler som vi leiger ut for sesongen), rifleammunisjon og tohandskikkert.

Pris på linja finn du her 

Sjå meir +

Lærar

Per Momrak
Friluftslivlærar, Avdelingsleiar friluftsliv

PAKKELISTE

Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Gamasjer
• Støvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid

Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 40 liter, godt bæresystem + feste for ski
• Ryggsekk- bør romme min. 75 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar fungerer kjempebra til matboks på tur.
•Solbriller

Jaktutstyr
• Signalfarga lue/caps
• Hagle (kan leige)
• Rifle(kan leige)
• Rifleammunisjon(kan kjøpe her)
• Hagleammunisjon, ca 50 stk
• Våpenkoffert
• Fiskeutstyr
• Viss du har, kan du ta med fjellduk og tohandskikkert

Vinterutstyr
• Ski: Randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skistavar
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang

Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen på fritida)

Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

Sjå meir +