For at skuleåret skal verte så godt som mogleg for deg og dei andre som kjem hit, treng vi rammer rundt skulekvardagen. Dette er vårt skulereglement:
1. Alle elevar er personleg økonomisk ansvarlege for sitt skuleår. Elevar som ikkje betaler for seg, kan miste skuleplassen.
2. All undervisning er obligatorisk. Elevar som er borte meir enn 10 % av samla undervisningstid av totalt 190 skuledagar (dvs. ikkje 10 % pr enkelt fag, men 19 heile dagar i løpet av eit år) får ikkje godkjent skuleåret med mindre det kan framleggast legeattest på fråveret.
3. Skulen forventar at elevar før opptak kjem med relevante opplysninger slik at skulen kan tilrettelegge ved behov for spesielle omsyn, både fysisk og psykososialt. I særleg tilfelle kan skulen, dersom slike opplysningar manglar, bortvise eleven.
4. Oppbevaring og bruk av alkohol og andre rusmidlar er ikkje tillate. Det er heller ikkje tillate å møte opp på skulen i rusa tilstand. Brot på reglane kan føre til bortvising for ein periode eller utvising for resten av skuleåret.
5. Elevar som oppfører seg truande eller gir uttrykk for ekstreme haldningar kan bli utviste frå skulen.
Det er viktig for oss at alle at dei som har kvardagen sin på skulen føler seg forplikta til å følgje dei reglar og ordningar som gjeld. Det er og viktig å hugse at så lenge du er elev dette året, representerer du skulen i nærmiljøet. For oss er det viktig å ha ein god tone med omgjevnadane våre. Dei siste åra har det ikkje vore naudsynt å bruke mykje krefter på å følgje opp regelverket. Det gjer at vi i staden kan bruke energien på å skape positive tiltak til beste for alle.