Personvernerklæring for Nordfjord folkehøgskule

Behandlingsansvarleg
Rektor er på vegne av Nordfjord folkehøgskule behandlingsansvarleg for behandling av selskapet sine personopplysningar.

Personopplysninger som lagres
Vi lagrar følgende personopplysningar om våre elevar;
Namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer, kontonummer, statsborgerskap, kjønn, linjevalg, opplysningar om fråvær og særskilte helseopplysningar.

Formål med behandlinga
Vi behandler opplysningane for å kunne gjennomføre våre plikter og gje undervisningstilbod etter avtale med deg.
Vi nyttar også opplysningane for å kunne gje deg informasjon i samband med elevstemne og andre arrangement som skulen har.

Grunnlaget for behandlinga
Informasjon om namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse, fødselsnummer, kontonummer, statsborgerskap, kjønn, linjevalg, opplysningar om fråver og særskilte helseopplysningar vert nytta for å oppfylle avtalen om undervisning. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga sin artikkel Art 6 (b).
Der du har samtykka til det nyttar vi også opplysningane til å gje deg informasjon på e-post og SMS om elevstemne og andre arrangementer som skulen har. Grunnlaget for denne behandlinga er personvernforordninga Art 6 (a). Du kan når som helst takke nei til å motta slik informasjon frå oss.

Innhenting av personopplysninger
Vi lagrar dei personopplysningane du har avgitt på søknadskjemaet på folkehogskole.no i samband med din søknad til skulen.
Vi bruker informasjonskapsler/cookies på våre nettsider for å gje deg som besøker sida best kundeoppleving og service. Lov om elektronisk kommunikasjon krever at vi informerer våre besøkande om bruk av informasjonskapslar (cookies). Les mer om bruk av informasjonskapsler her:  https://www.datatilsynet.no/personvern-pa-ulike-omrader/internett-og-apper/cookies/

Utlevering av opplysninger til tredjeparter
Vi vil ikkje dele, selge, overføre eller på annan måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forpliktet til det.

Sletting av personopplysninger
Opplysningar vi har motteke i samband med din søknad vert lagra i vårt aktive elevregister i 5 år. Opplysningar om namn og årstall for skuleåret vert sletta kun på forespørsel.
Opplysningar vi etter bokføringslova er forpliktet til å bevare vil verte lagra i inntil 5 år, i tråd med til lovkravet.

Rettar for den registrerte
Vi behandlar dine personopplysningar i høve til personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Du vert gjort merksamd på at du kan kreve innsyn i og flytting av eigne personopplysningar, samt kreve retting eller sletting av opplysningar.Det kan sendast klage til Datatilsynet på behandling i strid med reglane.

Informasjonstryggleik
Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell adgangs- og tilgangskontroll, samt ved kryptering av sensitive delar av opplysninger du har gjeve.

Kontaktinformasjon
Spørsmål om kva opplysningar som er registrerte, retting og sletting kan sendast skriftleg til følgande adresse:

Nordfjord folkehøgskule
Nordstrandsvegen 380,
6823 Sandane