Kun ein kort køyretur vestover frå skulen så er du ved surfeparadiset Hoddevika. Her skal vi lære oss å surfe!
Om vinteren reiser ski og surf ut på tur for å finne den gode snøen!

Innhald på linja

Surfetur til Frankrike/Biarritz
12 dagar
Pudderjakt i Noreg
6 dagar
Surfing på Stad
7 dagar
Ski og segl på Sunnmøre
4 dagar
Skikøyring i anlegg
5 dagar
Tinderangling
3 dagar
Kystveke
3 dagar
Terrengsykling
3 dagar
Elvepadling
2 dagar
Havkajakk
3 dagar
Klatring
3 dagar
Toppturar
10-15 dagar
Vandretur om hausten
3 dagar
Skredkurs
4 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skiveke i Myrkdalen
5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen
4 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Sjå meir +
Det handlar om å flyte. På toppen av elementa. Snøen og bølgjene. Finne balansen og den rette kjensla i kvasse vestlandsfjell, eller i bølgjene i Biarritz og på Stad. Bli med i jakta på urørt glitrande pudder ein stad i Norge. For vi er på pudderjakt og der den beste snøen er, finn du oss. Du kan ikkje surfe gjennom heile livet, men du kan surfe gjennom eit skuleår i Nordfjord.
Poster Image
Sjå filmen
"Å surfe er som å sykle. Det er litt vanskeleg å lære, men du gløymer det ikkje når du kan det."
- Simen Eid Nielsen

Meir informasjon om tilbodet på linja

På linja Friluftsliv/Ski og surf har vi naturlegvis hovudfokus på friluftsliv, ski og surf!

På hausten reiser vi fort til Hoddevika, på Stad, når bølgevarslet ser bra ut. Her ute er det ofte gode forhold både for nybegynnarar og for dei som har surfa før. Det hjelper godt å ha fått surfa fleire dagar før vi reiser på linjetur til Biarritz. I denne lille byen er surfing ein stor del av kulturen, og bølgene er ofte fantastiske.

Vintersesongen her i Nordfjord er ofte lang. Er vi heldige får vi ein tidleg abstinensskitur i oktober, men elles startar sesongen for fullt i november-desember. I starten er vi nokre dagar i anlegg for å få inn litt grunnleggjande skiteknikk. Så startar topptursesongen, og dei snøkledde nydelege vestlandsfjella ligg berre og ventar på oss.

Skredvurdering er ein svært viktig del av skikøyringa på linja. Vi set av mykje tid på turane til å gjere vurderingar for å ferdast trygt i fjellet. I tillegg til tre dagar med skredkurs saman med heile skulen, er heile vintersesongen vår eit langt skredkurs. Nydelege toppar og djupt, urørt pudder er prikken over i-en.

På denne linja får du eit bredt spekter av aktivitetar i tillegg til ski og surf. Du får ein god smakebit av klatring, kajakk, sykling og mykje anna. Friluftsliv gjennomsyrar alle aktivitetane vi driv med. Du får fleire overnattingar i telt haust, vinter og vår. Middagen i teltet smakar som oftast nydelig etter ein lang dag med sekk på ryggen. Den gode samtalen rundt bålet på kvelden heng òg høgt.

Pris på linja finn du her

 

PAKKELISTE

Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid

Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 30 liter, godt bæresystem + feste for ski
• Ryggsekk- bør romme min. 65 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Solbriller
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar fungerer kjempebra til matboks på tur.

Vinterutstyr
•Ski og skistavar: Randonneski, telemarkski eller splitboard. Støvler med gåfunskjon, ikkje lærsko. Skal du kjøpe ski? Sjå etter ski med om lag 100mm breidde på midten, og støvlar og binding med gåfunksjon. Dette gjeld uansett om du vil ha telemarkski eller randonnè. Til lettare ski og sko er, til betre er dei på tur, men dette går etter kvart utover køyreeigenskapane ned, om du ynskjer å prioritere det. Vi kjem til å bruke skia cirka like mykje til alpinalegg som til topptur. Ta kontakt om du lurer på val av ski, binding og sko, og hugs at det er mykje fint brukt og til utlån!
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm og alpinbriller
• Snøspade og søkestang
• Elektronsik sendar/mottakar (skredsøkar)

Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen på fritida)

Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før surfetur til Frankrike og segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Europeisk helsetrygdekort: Gjev deg rett til nødvendig medisinsk behandling i EU/EØS-land.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

Sjå meir +