Viss alle tek grep,
får vi ting til å skje

Klimaengasjementet blant unge inspirerer
oss til å gjere endringar.

Millionar av unge over heile verda streikar og krev handling. På Nordfjord folkehøgskule tek vi utfordringa på strak arm. Vi lever av, med og for naturen, og opplever at det å ta vare på naturen er med på å gje endå større glede over å kunne bruke den.

Vegen til eit samfunn med lågare utslepp og med større omsyn til naturen går for fulle segl. Sjølv om vi ikkje reiser til den andre sida av verda, kan vi love fantastiske opplevingar som du aldri vil gløyme.

Dei fleste turane går for eiga maskin til fots, på sykkel, på ski eller på sjøen. Bortsett frå ekspedisjonsklassa sin tur til Svalbard, går alle dei lengre reisene med buss, bane – og om bord i verdas mest miljøvenlege seglskip, Statsraad Lehmkuhl.

Men ei grøn omstilling er meir enn å kutte i flyreiser. Opplevingar i naturen krev godt utstyr og gode kle, og produksjonen av dette kjem med ein kostnad for både miljøet og klimaet.

På Nordfjord folkehøgskule må du ikkje stille med nytt utstyr. Vi har vi eit stort utstyrslager du kan benytte (sjå meir her), utsal av brukt utstyr og eigne valfag innan reperasjon og utstyrslaging. Eit lågare forbruk er eit av dei viktigaste tilskota frå kvar enkelt av oss.

Klimautfordringane er alvorlege, men vi er optimistar. Klimaengasjementet er stort blant unge over heila verda. Det påvirkar politikarar, bedrifter, og folkehøgskular, og inspirerer oss til å gjere endringar. Det er når alle tek grep, at vi får ting til å skje.

På Nordfjord er vi sertifisert Fairtradeskule, har eit eige klimaråd, deltek på strandrydding, og lista over tiltak vi skal gjere vil vekse i åra som kjem. Du kan lese meir om kva vi gjer for natur og miljø her.