Dette gjer vi for klima og miljø

Å ta vare på naturen og miljøet står på vår dagsorden.

Ingen av oss er perfekte når det kjem til å ta vare på naturen. Vi strevar alle med å gjere tiltak på ein måte som både er motiverande og utfordrande. Her på Nordfjord folkehøgskule har vi gjort mange grep for å gje vårt bidrag til ein betre verden.

Vi kuttar flyreiser

Det skal vere mogleg å vere elev hos oss og ikkje fly ein einaste gong i løpet av året, verken på skuleopplegg eller på reiser til og frå heimen din.

Vi har gjort aktive grep for å  flytte det meste av reisevirksomheta over på buss og tog. Frå skuleåret 2020-21 har vi ingen internasjonale flyreiser. Svært mykje av reiseverksemda vår er i eige land, og til og med i eigen kommune og region.

Vår felles utanlandstur går for fulle segl til Shetland, med verdens mest miljøvenlege seglskip, Statsraad Lehmkuhl. Sjå meir om dette her: https://www.seilmagasinet.no/innhold/seilbater-og-utstyr/?article_id=50043

Sjå meir +

Vi vil hjelpe folk til å begrense forbruket

Vi veit at høgt forbruk av ting og kle er noko av det som belastar klimarekneskapen mest. Difor har skulen eit stort utstyrslager som gjer at kvar enkelt elev ikkje treng å ha alt utstyr sjølv. Dette gjeld t.d. utstyr til camp (primus, telt, lavvo m.m.), alt av klatreutstyr inkludert brevandring, kajakkar, pulkar, terrengsyklar og mykje anna.

Før skulestart sender vi ut utstyrslister i god tid, og vi oppmuntrer til å kjøpe brukt. Lærarane hjelper gjerne med råd til dei som er usikre.

Tilsette arrangerer kvart år utsalg av brukt turutstyr.

Det blir gitt opplæring i korleis ein brukar utstyr rett, slik at det varer lenge.

Vi har også valfag innan reperasjon og utstyrslaging.

Sjå meir +

Mat og internat

Vår kommune har ei god søppelsorteringsordning som alle internat, hovudkjøken og skulen elles er ein del av.

Vi er sertifisert Fairtradeskule. Det betyr at vi har utvalde produkt som sikrar lokale produsentar gode arbeidsforhold og lønnsomhet, noko som også sparer miljøet.

Vi jobbar alltid med å begrense matsvinn, både i matsalen og på tur. Å lære seg å pakke nok og lurt er ein viktig del av opplæringa før tur.

Gjennom året brukar vi lokale råvarer når desse er i sesong. Dette kan vere frå ein nabogard eller frå jakt-og fiskeklassa sin fangst.

Det er modernisert elektrisk anlegg og det meste av bygga våre er isolert slik at vi kuttar straumforbruk. Vi utfordrar elevane til å vere bevisste i bruken av varmtvatn.

Det er lagt vekt på å begrense bruken av kjemikalier i vaskinga av bygga våre

Sjå meir +

Elevane bidreg konkret

Vi har eit eige klimaråd som består av elevar som jobbar med tiltak gjennom heile året. Dette kan vere miljøtips på morgonsamling, eigne aksjonar, byttedag eller liknande.

I 2018 var vi  den første folkehøgskolen i landet som arrangerte Ducky-challenge,- ein miljøkonkurranse for både elevar og tilsette. Sjå meir om dette her: https://www.ducky.eco</

Vi deltek årleg på Rydd en strand-prosjektet som er ein nasjonal dugnad knytt til søppelrydding langs kysten.

Fleire av våre laurdagsseminar har også tema som er direkte knytt til miljøvern og klima, og som gir elevane praktiske utfordringar på å velge miljøvenleg.

Sjå meir +