Pris

Kva kostar eit år på Nordfjord folkehøgskule?

Det varierer frå elev til elev kor mykje skuleåret kostar. På grunn av ulike undervisningsopplegg og ulike turar, kostar nokre linjer meir enn andre.

For skuleåret 2024/2025 vil kostnadane for elevane ligge mellom kr 134 750,- (billegast linje) og 143 650,- (dyraste linje). I denne summen ligg alle utgifter til kost og losji, linjeutgifter (inkl. utanlandstur for dei linjene som har det), innmeldingspengar, felleskostnadar og skuleturar. Dette er utreikna frå lavaste romstandard i dobbeltrom.

Det som kjem i tillegg er utgifter til valfag og prosjektveker. Vi har mange valfag og prosjekt som er gratis, slik at dei som vil, kan velje valfag og prosjekt som ikkje gir ekstra kostnad.

Stipend og lån
Det er høve til å søke om stipend og lån frå Statens lånekasse for utdanning.

For skuleåret 2023/24 er øvre lånesum kr 125 370, og summen kjem til å stige i 2024-25.  Av dette kan norske elevar få 40 % av summen omgjort til stipend. Støtta blir utbetalt kvar månad, første gong eit par veker etter skulestart. Deretter vanlegvis kvar 15. i månaden fram til mai. Nye satsar for stipend og lån vert fastsatt kvart år i februar. Lånekassa oppfordrar alle om å vere tidleg ute med søknad om stipend.
Søk om stipend og lån her: https://www.lanekassen.no/Stipend-og-lan/soknader/soknad-om-stotte-til-utdanning-i-norge1/hoyere-utdanning/

Innmeldingspengar

Etter at du har søkt og eventuelt fått tilbod om skuleplass, vil du motta eit brev som fortel korleis du går fram for å stadfeste plassen. Her ligg det ved ein giro for betaling av innmeldingspengar. Dette beløpet er for tida på kr 2 950,- Innmeldingspengar er ei avgift som alle folkehøgskulane har i samband med opptaksprosessen. Avgifta blir betalt som ei stadfesting på at eleven tar i mot plassen. Avgifta er ikkje refunderbar med mindre søkaren angrar innanfor ein angrefrist på 14 dagar etter innbetaling.

 

Skulepengar for skuleåret 2024/2025

Undervisninga på folkehøgskulen er gratis. Det du betalar for er i hovudsak kost og losji, reiser, forbruk av utstyr og enkelte kurs. Prisen for ditt skuleår er altså avhengig av linje og kva du vel i prosjektveker og valfag. Det totale reknestykket for skulepengane vil sjå om lag slik ut:

Tabell 1: Generelle kostnadar (med forbehold om mindre justeringar)

Kost og losji (rom, mat og tilgang/drift/vedlikehald skule/internat).
Lavare standard: kr 81 100
Høg standard: kr 88 000
Skuleturar. Inkluderer bl.a. tre felles skuleturar: 1) Segltur med Statsraad Lehmkuhl i september. 2) Skiinstruksjon i Hemsedal i januar. 3) Avslutningstur/pilegrimsvandring på Stad i mai.
kr 16 000
Felleskostnader. Inkluderer ma. leige av stort utval av friluftslivsutstyr (telt, kajakkar, kanoar, kitar, bre- og klatreutstyr, surfebrett og våtdraktar, pulkar etc.), drift av transportfasilitetar (bilar og båtar), årskort til bade- og treningsanlegget Trivselshagen, internett, informasjonsutgifter, materiell og utflukter
kr 17 200
Linjepris (sjå detaljar i tabell 2 lenger ned)
kr 18 500 - kr 27 500
Prosjektveker (sjå detaljer i tabell 3 lenger ned)
Valfag (sjå info lenger ned)
Sjå meir +

* Denne summen gjeld for dobbeltrom og vanleg diett. Dei som ønskjer å bu på einerom, kan søkje om dette når det nærmar seg skulestart.
Tilleggsprisen for einerom er for tida på 9 000 kr pr år.

Dersom du har behov eigen diett, så vil vi gjerne prøve å tilpasse dette. Elevar som har rett på grunnstønad frå NAV, vert fakturert for ekstrakostnadar. Til dømes vil offentleg støtta glutenfridiett koste 6000 kr pr. år. Påviste matallergiar som ikkje gjev rett til grunnstønad vil generelt ikkje koste noko ekstra. Det er ikkje ekstra kostnad for vegetarisk mat. Vi  tilbyr ikkje vegansk kosthold.

Linjeprisar 2024/2025

Linjeprisen dekker alt opplegget på linja og varierar derfor mellom dei ulike linjene.

Tabell 2: Spesifisering av linjekostnader (som er inkludert i tabell 1, rad 4) Alle utanlandsturar + Svalbard er inkludert.

Friluftsliv/Ekspedisjon
kr. 23 000 (inkl tur til Svalbard)
Friluftsliv/Utforsk Norge
kr. 25 000
Friluftsliv/Brett
kr. 27 500 (inkl tur til Europa)
Friluftsliv/Jakt og fiske
kr. 23 000 (inkl tur til Sverige)
Friluftsliv/KRIK
kr. 27 500 (inkl tur til Europa)
Friluftsliv/Ski
kr. 24 000
Friluftsliv/Ski og surf
kr. 24 500
Friluftslivs/Vind og vatn
kr. 27 500 (inkl tur til Europa)
Friluftsliv/ Fjellsport
kr. 25 500 (inkl tur til Frankrike)
Friluftsliv/Sport og friluftsliv
kr. 19 500
Bu og fritid
kr. 18 500
Sjå meir +

Prosjektveker

I løpet av året har vi fire veker med valfrie prosjekt og turar. Desse kjem i november, desember og mars. Mange av prosjekta er utan ekstra kostnad (td. skulerevyen i november). Du kan gå igjennom skuleåret uten å bruke noko ekstra pengar i prosjektvekene. Men ikkje alle prosjekta er gratis. Her er nokre av prosjekta: (NB! det vil også vere andre tilbod enn dette)

Tabell 3: Prosjekt med pris

Revy, praktisk uteprosjekt, vintertur, julebakst, minibibelskule, smiing
kr 0
Utstyrslaging
kan kome noko kostnader om ein vil lage store ting
Fyrvandring
kr 900
Fridykking
kr 1 200
Jaktveke
kr 1 700
Longboard-laging
kr 1 200
Motorsagkurs
kr 1 200
Topptur/treningsleir
kr 100
Kystveke
kr 600
Surfing
kr 2 500
Skiveke; anlegg, topptur, langrenn
kr 2 000
Sjå meir +

Valfag

Prisen på eit valfag vil variere frå kr 0 og opp til kr 1 250,- (dei fleste valfaga er gratis).

Vi vil tilby ca 40 ulike valfag. Mange av valfaga er gratis. Dei fleste elevane har seks valfag i løpet av skuleåret, og summen av utgiftene på alle valfaga vil for ein gjennomsnittselev vere på ca kr. 1000. Vår erfaring er at enkelte elevar vel dyre valfag, men for oss er det eit viktig at vi i alle dei tre valfagperiodane tilbyr mange valfag som er gratis, slik at det skal vere moleg å bruke kr 0,- på alle dine valfag gjennom heile året.

Det du betalar for på valfaga er til dømes transport og forbruk av utstyr (når du lagar longboard, kniv, anorakk osv betalar du for råvarene til det du lagar). Informasjon om dei ulike valfaga får du etter at du har starta på skulen.

Betalingsplan: Fem avdrag

Faktura for den første av i alt fem innbetalingar blir sendt i posten når det nærmar seg skulestart. Denne fakturaen er på kr 10.000,-, og forfall er sett til 1.august. Dette beløpet inngår i skulepengane. Resten vert delt i ytterlegare fire avdrag med forfall omtrent på desse datoane: 15.september, 15.november, 15.jaunar og 14.mars. Du vil få den første utbetalinga frå Lånekassa 1-2 veker etter skulestart (vi sender liste til Lånekassa over frammøtte elevar) og deretter den 15. i kvar månad frå september til mai. Innbetalingane til skulen vil med andre ord ligge litt i forkant av utbetalingane frå Lånekassa. Dersom du manglar startkapital før skuleåret startar, kan du oppleve utfordringar med å betale rekningane i tide. Om du får problem med å betale innan fristane, er det viktig at du tar kontakt med skulen slik at vi kan lage ein nærare avtale med deg om nedbetaling. Å ikkje betale rekningane i tide vil i ytterste konsekvens kunne bety at du mister retten til å gå på skulen, men vi finn i dei aller fleste tilfelle gode løysingar før ein kjem så langt.