Naturen i Nordfjord

Lengst vest ligg havet og sandstrendene, i nord dei alpine tindane og i aust dei største breane. Over alt finn ein lune fjordarmar, frodige støylar, heftige stryk og innbydande skibakkar. Det vakre landskapet kan opplevast frå mange ulike perspektiv.

Området Nordfjord dekkjer dei sju kommunane Hornindal, Stryn, Eid, Gloppen, Vågsøy, Bremanger og Selje. Desse kommunane omkransar Nordfjorden, som er den sjette lengste fjorden i Norge. I dette området kan du velge mellom ei rekke flotte turmål. Her er nokre av dei:

Hoddevika – perla ved Stadt

Dei store, iskalde bølgjene, den kilometer lange sandstranda, den barske naturen og den koselege bygda med det vesle surfepensjonatet lokkar folk frå heile verda. Hoddevika på Stad er blitt eit slags mekka for surfarar. For oss er det eit nært og kjært turmål. Det er nært nok til at vi lett legg inn ein dagstur frå skulen og vakkert nok til at vi likevel ynskjer å overnatte der.

Her er det utfordringar nok for både ferske og erfarne surfarar. Når du har komme deg opp på brettet og surfar på bølgjene, er det ikkje nokon annan stad i verda du heller skulle vore. Og når du først er i Hoddevika, kan du innimellom alle øktene i vatnet nyte synet av grøne åkrar, små koselege hus, kneisande fjell og beitande dyr.

Skåla – den lengste motbakken

Skal ein opp og fram her i livet, må ein øve seg på å trivast med motbakkane. Fjellet Skåla (1848 moh) er det høgaste av fjella i landet, dersom du berre reknar dei med fot på havnivå. Dette gjer fjellet til landets lengste motbakke. Turen opp dit kan vere hard nok, men lønna du får på toppen er ubetaleleg. For der ligg Skålatårnet, den ubetente DNT-hytta, som nokon meiner opprinneleg var bygd som eit sanatorium og som no er open og akkurat stor nok til å huse ei folkehøgskuleklasse. Her kan du nyte utsikta ned mot Loen og Nordfjorden, bort mot Jostedalsbreen og opp mot stjernehimmelen. Og gå inn og kjenne varmen frå vedomnen. Dersom snøforholda er gode om vinteren, gløymer du fort at motbakken var lang. Slikt er fort gjort når ein dansar seg ned den beste og lengste nedkøyringa i kongeriket.

Jostedalsbreen – den største leikeplassen

Den største isbreen på det europeiske fastlandet er vår store nabo i aust. Isen har vore der i to tusen år, og med åra har han vorte seks hundre meter på det tjukkaste og seksti kilometer på det lengste.

Breen vart gått på langs første gong i 1788. Eit par hundre år seinare gjorde Nordfjord folkehøgskule sine første innsteg på breen med stegjern, isøks, ski og pulk. Sidan dette har vi gått ei mengde turar gjennom dette landskapet av is, snø, himmel, ryggar, toppar og skjer både på langs og på tvers. Og har vi ikkje tid til å legge heile breen bak oss, tar vi oss meir enn gjerne ein skitur på Lodalskåpa (2083 moh) eller bind oss saman i taulag for ein tur på brearmane Flatbreen og Bødalsbreen.

Gjegnalundsbreen – eit konglomerat av høgdepunkt

Gjegnalundsbreen er ein av Norges minst kjende brear, og saman med Ålfotbreen har vi her nokre godt skjulte perler. Dei få som tar turen hit, forelskar seg fort i fjella og brearmane. Isen og det særeigne konglomeratet i berggrunnen har danna eit unikt terrasselandskap som strekker seg nesten heilt ut mot havet.

Om det er lite turistar her, så er det tilsvarende mykje nedbør. På det meste er det målt 12 meter snø i dette området. Høgepunktet er likevel fjellet Gjegnen som strekkjer seg 1670 meter over fjordane. Og når du først er her, kan du ta inn på den vesle DNT-hytta Gjegnabu, som ligg på ein fjellrygg ved X-vatnet. Denne hytta vil garantert bli ein av favorittane dine. Berre du tar turen.

Fjorden – dei djupaste spora

Friluftslivskulen ligg på ei landtunge mellom Nordfjorden og Gloppefjorden. Den første har gitt namn til både skulen og regionen, mens den siste, som er vår næraste nabo, har gitt namn til kommunen vår: Gloppen.

Vi har gangavstand til naust og båtar. Og etter ein kort tur i kajakken kjem vi fram til ein flott gapahuk i fjordkanten. År om anna seglar vi med seglskuta Statsraad Lehmkuhl frå Shetland til Gloppefjorden.

Nordfjorden har munningen sin mellom nordspissen av Bremangerlandet og sørspissen av Vågsøy. Den strekk seg 106 kilometer inn til Loen. Fjordlandskapet er vakkert innramma av Ålfotbreen og Gjegnalundsbreen på sørsida og Jostedalsbreen lengst inn mot aust.