Rom og fasilitetar

UTSTYR

Skulen har investert i veldig mykje utstyr som vert brukt på linjeopplegg, fellesopplegg og som elevane også stort sett kan bruke i fritida.  Det betyr at du ikkje treng å ha med deg alt hit sjølv. Utstyret har høg kvalitet og dette er med på å auke tryggleiken på tur!

INTERNAT
Internata våre har god standard, og når du får flytta inn tinga dine, hengt opp bilde på veggen og fått alle ting på plass i skapet, så er det stor sjanse for at du kjenner deg heime! Du bur enten på enkelt- eller dobbeltrom, og alle korridorar har eige vaskerom, kjøken og stove. Her er bilete av nokre av romma og fellesromma.

ROM OG FASILITETAR

Vi har mange rom som fungerer som fellesrom for alle elevane og dei tilsette. Noko av dette vert brukt berre i undervisninga, medan andre også er tilgjengelege på elevane si fritid. Ein viktig ting er t.d. tørkerom og lagerplass slik at du kan få alt utstyret klart mellom turane. For tida bygger vi nytt styrkerom, det kjem bilete så snart det er klart!

BÅTAR, BILAR OG BYGNINGAR

Skulen har også mange bilar og båtar vi brukar til forskjellege opplegg. Vi har forholdsvis nye bilar som bidreg til trygghet i trafikken. I tillegg er uteområdet tilrettelagt for å kunne finne på mykje gøy på skule-området.