Kristen skule

Nordfjord folkehøgskule er ein av totalt 33 kristne folkehøgskular i Norge

Nordfjord folkehøgskule starta opp i 1923. Da var det pionerar i misjonsarbeidet i Nordfjord som stod bak reising av skulen. Den kjende predikanten Mathias Orheim var ein av pådrivarane i oppstarten.

Skulen er eigd av Normisjon Region Sogn og Fjordane. Normisjon eig heilt eller delvis 15 folkehøgskular i Norge. Kjerneverdiane til Normisjon er «Elska og sendt».  Nordfjord folkehøgskule er knytta til IKF (Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole) og samarbeider mellom anna med KRIK (Kristen Idrettskontakt).

Vi håpar du vil merke at den kristne trua pregar kvardagen på skulen. Om du vil, kan du vere med i bibel- eller samtalegruppe, og ein gong i veka arrangerer elevane kristne kveldsmøte som du kan delta på om du har lyst. Du treng ikkje vere kristen for å gå på denne skulen.

Vi ynskjer å vise kva vi står for, men samtidig ha stor respekt for dine tankar. Her er plass for alle – uansett meiningar og livssyn.

Kristen skule
Kristen skule