Friluftsliv / KRIK

Eit fartsfylt år

Det er plass til mykje mellom himmel og jord! Eit heilt folkehøgskuleår, for eksempel. Fylt av akrobatikk, beach-volley, terrengsykling, surfing, kiting, elvekajakk, klatring, fjellturar, skikøyring, teltliv, sprakande bål og stille morgonar.

Det er idrettshall og klatrevegg, fjord og fjell. Og ikkje minst gode vener.

KRIK står for Kristen Idrettskontakt, ein kristen organisasjon som har fokus på idrett, friluftsliv, ungdom og tru. På KRIK-linja vår her på skulen konsentrerer vi oss nettopp om dette. Som KRIK-elev får du eit år der du vil vekse på mange måtar, og du får leiartrening og undervisning om kristen tru.

Dette er året for friluftsliv, idrett, Gud og menneske.

Friluftsliv/KRIK og Friluftsliv/Vind og vatn skal på surfetur til Europa.

Surfetur til Europa
12 dagar
Skikøyring i Sunnmørsalpane
3-5 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Kiting
3 dagar
Isklatring
1 dag
Surfing på Stad
2 dagar
Klatring
3 dagar
Elvekajakk
3 dagar
Vandretur om hausten
3 dagar
Bretur
3 dagar
Akrobatikk
2 dagar
Beachvolleyball
2 dagar
Fotball
2 dagar
Leiartrening
3 dagar
Toppturar haust og vinter
10-15 dagar
KRIK-linjesamling
4 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl (fellestur for heile skulen)
5 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles vintertur
3 dagar
Felles topptur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Dette blir eit bra år! Berre sånn at det er sagt. Vi skal vere mykje ute, og prøve oss sjølve i naturen. Vi skal sjå at haust, vinter og vår glir over i kvarandre ute ved kysten eller oppe i fjellet. Gled deg til eit år fullt av det meste!

I starten av skuleåret blir det bretur. Det er òg aktuelt å legge dagsturar til stader der vi kryssar brear. I løpet av skuleåret får du òg prøve deg på isklatring.

Fjorden er òg nabo til skulen, og vi har eige naust med båtar. Vi skal padle kajakk på Gloppefjorden, og vi skal prøve elvekajakk med dyktige instruktørar. I løpet av året blir det høve til å lære eskimorulla i kajakk. Av aktivitetar i og på vatn må vi òg nemne surfing i Hoddevika.

I nærområdet rundt skulen skal vi prøve terrengsyklingklatring,  toppturar og tinderangling. Når vinteren kjem blir det ski og skikøyring i alle former. Og så skal vi lage god mat i det fri.

Vi vil bruke tid på å utruste deg som KRIK-leiar gjennom idrett, friluftsliv og aktivitetar. Dette går som ein raud tråd gjennom heile året, og i nokre av linjeopplegga får du møte rutinerte KRIKarar som vil inspirere deg. I løpet av året skal vi òg ha ansvar for eit opplegg for KRIK-konfirmantar. Ved årsskiftet legg vi opp til at du kan vere med på KRIK sin fantastiske nyttårsleir på Lillehammer – Explore. Ei stor oppleving!

Vi håpar og ynskjer at du skal få utvikle deg som person og som KRIK-leiar. Etter skuleåret blir du prioritert om du ynskjer å vere leiar på Action/KonfAction.

KRIK er til for at du skal få opplevingar du seint vil gløyme. Tru på Gud, tru på deg sjølv, tru på eit utruleg bra år!

Pris på linja finn du her

Sjå meir +
"KRIK-linja er perfekt for dei som ønsker eit kjempevariert opplegg, fullt av spennande og nye opplevelsar, gode samtaler og verdifull tid med Gud." - Hildegunn Hellenes

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye, to sett
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Vindvottar
• Regnkle
• Fjellsko
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne.
• Badetøy
• Ryggsekk: Bør romme min. 70l
• Dagstursekk: Bør romme min. 30l
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må være så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommerpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kartmappe
• Kompass (gjerne med klinometer/hellingsmåler)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar til tur og til matpakke på skulen (Isboks funkar fint)
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel og sykkelhjelm
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass
• Reiseforsikring: Alle er forsikra gjennom skulen sin reiseforsikring i undervisningssammenheng. Men ved reiser til og fra skulen på fritida må du ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

Sjå meir +