Prosjekt Villmark – Fond

Prosjekt villmark er Nordfjord folkehøgskule sitt fond for utvikling av friluftsliv- og vegleiarkompetanse til unge turleiarar. Er du under 25, klar for å ta nye steg på kompetansestigen din og gira på praksis ved Nordfjord folkehøgskule? Då kan du søke støtte frå fondet.

Prosjekt Villmark (PV) var tidlegare ein tverrkyrkjeleg organisasjon som arrangerte villmarksturar og kurs frå starten av åttitalet til midten av nittitalet. PV ønskte gjennom villmarks- og fellesskapserfaringar å virke til personleg utvikling, tru og vekst for deltakarane og gruppene som deltok, synleggjere mennesket sin plass i skaparverket og minne om behovet for ei ansvarleg forvalting.

Drifta av PV genererte på åtti- og nittitalet eit visst overskot. Dette overskotet gjekk i 2002 til eit internt kompetansefond for PV sine turleirarar. Sidan PV sin aktivitet, slik vi kjente den frå årtusenskiftet har endra seg, har Nordfjord folkehøgskule endra på reglane for fondet. Frå 2014 blir nemleg PV-fondet gjort om til eit fond for som er ope for at alle unge turlaiarar kan søke støtte til vidareutvikling av friluftsliv- og vegleiarkompetansen sin. Nordfjord folkehøgskule nyttar høvet til å takke dei mange som var med på å legge grunnlaget for dette fondet gjennom stor innsats frå midten av 1980-talet og dei påfølgjande tiåra. Ved hjelp av statuttane til fondet (sjå nedanfor), håpar vi at mange av dei same ideane blir ført vidare til ein ny generasjon.

 

Statuttar for Prosjekt villmark-fondet

  1. Prosjekt villmark er eit kompetanse- og leiarutviklingsfond forvalta av Nordfjord folkehøgskule
  2. Målet med fondet er å bidra til friluftslivkompetanse og vegleiarutvikling for unge turleiarar/vegleiarar under 25 år
  3. Søkjarene må dokumentere relevant praksis i friluftsliv og vegleiing
  4. Tildeling skjer to gonger i året med søknadsfrist 1.april for kurs på sommarhalvåret og 1. november for  for kurs på vinterhalvåret
  5. Ein godkjenner berre kurs som følgjer anerkjente kompetansestigar innan friluftsliv- og vegleiarfag, og målet med kurset er at det skal hjelpe kandidaten opp på eit nytt nivå i aktuell kompetansestige
  6. Alle tildelingar krev at søkjaren finansierer delar av kurskostnadane sjølv
  7. Søkjaren og Nordfjord folkehøgskule forpliktar seg gjensidig til å legge til rette for at søkjaren blir leigd inn som vegleiar/assistent på kortkurs eller anna kortvarig oppdrag på skulen innan tre år etter tildeling
  8. Ut fra søknadstilgangen kan fondet dele ut midlar til inntil fem kanidatar kvart år
    Maksbeløpet er 5 000 kr pr. kurs
  9. Det er ikkje ein føresetnad, men heller inga hindring, at fondet blir tilført nye midlar
Sjå meir +

Kompetanse

Eksempel på anerkjente kompetansestigar innan friluftsliv og vegleiing er den nasjonale standarden til Norsk fjellsportforum (bre, klatring og skred), våttkortstigen til Padleforbundet, klatreinstruktørutdanninga til Klatreforbundet, – for å nemne noko. Vi høyrer gjerne dine forslag til andre kurs innanfor fagkretsen.

Søknad

I søknaden må du ta med:

  • Namn, adresse og alder
  • Norke ord om erfaring innanfor friluftsliv og vegleiaroppgåver (helst i eige vedlegg)
  • Kva kurs du ønskjer å ta (og kva for kompetansestige dette kurset høyrer til)
  • Planlagt tidspunkt for kurs
  • Budsjett for kursgjennomføring (kursavgift, reisekostnadar og andre utlegg)
  • Nokre ord om korleis du ser for deg å bruke kompetansen framover
  • Kva for del av folkehøgskulen sitt fagtilbod du ønskjer praksis på
  • Ønska tidspunkt for praksis (oppdrag på både hovudukurs, kortkurs og sommartilbod/leirar kan vere aktuelt)

Søknad med vedlegg sendast til Nordfjord folkehøgskule på kontor@friluftslivskulen.no

Søknadsfrister er:

  • 1. april (for sommar/haust)
  • 1. november (for vinter/vår)
Sjå meir +