Sommardrift

Etter at elevane har reist heim i mai, kan folkehøgskulen brukast til kurs, konferansar, bryllaup, jubileum og andre tilstelningar.

Nordfjord folkehøgskule er ein ideell stad for kurs, konferansar, årsmøte og personalturar. Vi har møtesal til over 100 personar, ulike møterom, mindre klasserom og grupperom. Vi kan tilby fullpensjon for grupper, kaffipausar og kurslunsj, samt teambuildingsaktivitetar og friluftslivopplevingar for grupper som ynskjer det.

Ljosborgstova er storstova i bygget – ideell til bryllaup og jubileum eller andre store og små dagar som skal feirast. Kontakt oss for tilbod.