Bu og fritid

På eigne bein

Nye vener, nye aktivitetar, nye erfaringar.

Har du nokon gong laga pizza på bål? Padla i kano, overnatta i lavvo,  dratt krabbeteiner, eller tova ditt eige sitteunderlag? No får du sjansen til å oppleve alt dette.

Å få kjenne på glede og spenning ved å prøve ut nye ting, og meistringsfølelsen når du når målet. Alt i trygge og tilpassa rammer. Tilsette ved skulen vil rettleie og støtte deg når du treng det.

På skulen vil du oppleve eit inkluderande og varmt fellesskap, både på turar og på internatet. Saman med resten av skulen får du segle ut på det store havet, teste skibakkane i Hemsedal og vandre i naturen på Stadlandet.

 

Du skal få løyse band og knyte band.

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Mykje skjer i løpet av ei veke, og eit år. Dette er hovudområda elevane er innom gjennom skuleåret:

Arbeidstrening
Vi har ein sløydsal som vert nytta til ulike oppgåver innan trearbeid: utforming, boring, skruing, pussing, lakking og maling. Ein kan lage enkle møblar og utstyr til eigen bustad, som t.d. dørskilt, skjærefjøler, kjøkenreiskap i tre, hyller, TV-bord, skohyller og ulike typar fat.

Ellers får ein dette året også erfaring med kjøkenteneste på skulen. Då 
må ein dekke bord, servere, lage til kveldsmat, og ta seg av oppvask og golvvask i matsalen.

Nokre elevar går meir enn eitt år på Bu-og fritidslinja. Andreårseelevar kan få andre utfordringar som t.d.utplassering/praksis på ein nabogard eller hjelpe vaktmeistrane på skulen.


Rom og kle
Elevane vert veileda av ein tilsett ein fast dag i veka for å lære å rydde, støvsuge og vaske eige rom og eige bad. Dessutan gir vi opplæring i bruk av vaskemaskin. Elevane lærer å sortere, vaske og tørke klede, og halde orden i klesskåpet.
Ein set og fokus på personleg hygiene, klesskift og liknande.

Matlaging og personleg økonomi
Ein lærer å lage enkle rettar ut frå oppskrifter, og lærer også om kva som er sunt og godt å ete. Dette er tilpassa hybellivet ein del av elevane skal inn på etter skuleåret på Nordfjord folkehøgskule.

Kvar veke skriv elevane handlelister og reiser på butikken for å handle. Lærar følger opp økonomistyring, inkludert nettbank, for dei dette måtte vere aktuelt for.

Turdag
Ein dag i veka har vi turdag. Nokre gongar går vi lange turar og andre gongar korte turar. Når vi går dei korte turane brukar vi å trene på å fyre bål, og  lage god mat på bålet. Dette er for å auke turgleda og nyte kor godt det kan vere å kome seg ut i naturen. Vi varierar mellom grusvegar, traktorvegar og stiar. Vi kan og padle kano og/eller kajakk, ta oss ein rotur, reise på fisketur eller prøve stisykling på fjell og i skog. Når snøen kjem går vi på ski, akar på akebrett eller bygger oss snøholer og snøklokker.

Når heile skulen reiser på turar saman er også bu-og fritidslinja med på dette. Dette inkluderer mellom anna tur med Statsraad Lehmkuhl, kystfriluftsliv, skidagar og pilegrimstur .

Sosial trening
Eit år på folkehøgskule gir veldig mykje naturleg sosial trening. Ein er ilag med folk på internatet, ein et måltida saman og ein har felles aktivitetar. På Nordfjord folkehøgskule legg vi vekt på integrering på så mange område som mogleg, samstundes som elevane på linja også får tid til å vere ilag berre med kvarandre.

I tillegg til alt dette er vi også innom

  • ulike former for fysisk aktivitet, som riding, klatring og kondistrening
  • norsk (minneboklaging), musikk, teikning/måling.

KRITERIUM OG SØKNADSPROSESS

Kriterium

  1. Eleven må vere mest mogleg sjølvhjelpen i høve til daglege gjeremål.
  2. Vi ønskjer å sette saman ei linje slik at kvar enkelt elev kan passe inn i gruppa.
  3. Vi vil prioritere ungdomar over 18 år som er på veg ut i eigen bustad.
  4. Linja har ein fast turdag i veka og eleven må kunne ferdast i ulendt terreng.
  5. Nordfjord folkehøgskule er ein friluftslivskule og vi har i løpet av skuleåret fleire felles friluftslivopplegg med overnatting. Det er viktig at vi har elevar på Bu og fritid som er motiverte og  kan integrerast på desse fellesprosjekta saman med alle friluftslivelevane.

I vurderingane ved opptak må vi også ta omsyn til at vi berre har ei sovande nattevakt, og at vi ikkje har helsepersonell på internatet.

Tilbodet vårt krev at eleven får ekstra økonomiske ressursar frå NAV, og derfor startar vi opptaksprosessen så tidlig som i november. Før vi startar prosessen med resurssøknad og endeleg opptak, ynskjer vi å få besøk av eleven.

Søknadsprosess

  1. Fyll ut søknadsskjema som du finn link til her på vår heimeside, og send informasjon om utfordringane for eleven, utviklingshemming, hjelpebehov og anna relevant informasjon. Vi ynskjer også å få namn og telefonnr til ein referanse (lærar eller annan som kjenner søkjaren frå skule, arbeid, fritid). Referansen skal ikkje vere i slekt med søkjar.
  2. Vi sender epost med kartleggingsskjema for meir utfyllande informasjon.
  3. Vi tek i mot søknader kontinuerleg, men det er ein fordel å søke så tidleg som mogleg året før skuleåret startar. Skulen vel ut elevar (ut i frå kriterium som står ovanfor) som vi jobbar vidare med. Dei aktuelle elevane vert kontakta for å kome på besøk saman med fagperson og føresette. Det kan vere ein eller fleire  frå PPT, skulen (lærar eller assistent), koordinator og foreldre/føresatte.
  4. For dei elevane som blir tatt opp på linja sender vi ressurssøknad til NAV.
  5. Opptaket av elevar held fram utover våren til vi har fylt opp dei seks plassane på linja.
Sjå meir +
Lisbeth Momrak
Lærar / avdelingsleiar Bu og fritid