Meir friluftsliv, fleire utfordringar. På denne linja er du stipendiat på skulen. Du må ha eit år med friluftslivutdanning frå folkehøgskule eller tilsvarande. Du blir vegleiar for andre elevar på tur, og får praksis med elevane på Bu og fritid. På ettermiddag og kveld er du aktiv i det sosiale miljøet på skulen. Før skulestart får du brekurs, og i løpet av året får du eigne kurs i bre/klatring, skred og skiinstruksjon. Eit år der du gir mykje av deg sjølv. Og får uendeleg mykje tilbake.

Dette får du som stipp

Friluftslivlære
Miljøarbeid
Pedagogikk
Spesialpedagogikk
Leiarutvikling
Personleg utvikling
Gruppeprosessar
Leiingsteori
Skredkurs
Brekurs
Klatrekurs
Vegleiarpraksis
Sjå meir +

Informasjon til dei som vil søkje på linja Friluftsliv / Vegleiing (stipendiat):

Undervisning

– leiingsteori og turleiarrolla
– friluftslivpedagogikk og vegleiarlære
– gruppeprosessar
– spesialpedagogikk
– friluftslivet sin eigenart, friluftsliv – kultur og samfunn
– seminar

Oppgåver
– praksis som vegleiar på linjeturar og fellesturar
– praksis på linja Bu og fritid
– miljøarbeid

Kurs
Det vert organisert eigne kurs for stipendiatgruppa. Kurs: klatring, skred og skiinstruktør

Økonomi
DU FÅR:
– stipend frå Statens Lånekasse
– fri kost og losji
– dekt kostnadane på den linja du er knytta til og på alle fellesopplegg
– dekt kurs: bre/klatring, skred og skiinstruktør

DU BETALAR FOR:
– prosjektveker

–  evt. utanlandstur på eigen eller andres linjer. Kostnaden kan reduserast i samband med oppgåver stipendiaten vert pålagt i samband med desse.

Turnus
Praksisen på Bu og fritid blir organisert i turnus. I løpet av fire veker har du to turnusperiodar som assistent/hjelpar på denne linja. Den eine turnusen  går frå måndag til fredag og den andre turnusen er på laurdag og søndag.

Søknad
– I søknaden vil vi at du skal skrive noko om kvifor du vil vere stipendiat og kva du ynskjer å få jobbe mest med. Skriv også om du har arbeidserfaring, om du har vore aktivt med i barne- og ungdomsarbeid eller liknande.
– Skriv kva linjer som kan vere aktuelle for deg, og kva linje som er ditt førsteval. Og om du eventuelt kan tenke deg å vere mediestipendiat.
– Du må ha førarkort for bil (om du ikkje har lappen for manuellgir forventar vi at du tar denne innan skuleåret startar)
– Det er eit ynskje om at stipendiaten kan gå aktivt inn i det kristne arbeidet ved skulen.
– Er det noko du lurer på, kan du få meir informasjon ved å ta kontakt med rektor eller inspektør.
– Du søkjer elektronisk og brukar det vanlege søknadsskjema som du finn på heimesida vår.

Søknadsfrist: 22. februar 2026

Sjå meir +