Visjon og mål

Skulen sin visjon er
«å sette spor under ein open himmel»
Vi ønskjer å skape eit miljø med rom for å sette avtrykk etter oss og gjere inntrykk på kvarandre.

    Dette er måla for Nordfjord folkehøgskule:
  • Vi vil formidle kunnskap
  • Vi vil skape glede over naturen og i naturen
  • Vi vil legge til rette for kristen tru og vekst
  • Vi vil inspirere til ein gjennomtenkt livsstil
  • Vi vil vere trygge og gjere andre trygge

RUNDT OSS har vi på Nordfjord folkehøgskule ein storslått natur med brear, fjordar og fjell som gir oss eit spennande læringsmiljø. I vest slår havet inn mot flotte surfestrender ved Stad. I nord ligg Sunnmørsalpane som ein majestetisk bakgard, og i aust innbyr Jostedalsbreen og Jotunheimen til fleire kortreiste opplevingar. Sørvest for oss ligg flotte skifjell og den snørike Gjegnalundsbreen. Lenger unna ligg resten av verda. Her engasjerer vi oss gjennom felles segltur til Shetland og linjetur til Svalbard. I tillegg følgjer vi tett bistandsprosjektet vårt i Nepal.

BAK OSS har vi ei 100 år gamal historie som folkehøgskule, og meir enn 7 000 elevar har fått med seg verdifull kompetanse etter eit år på Nordfjord.  Dei siste åra har skulen hatt ein reindyrka friluftslivsprofil, og dagens friluftslivlinjer har røter heilt tilbake til syttitalet.

OVER OSS ønskjer vi å teikne ein open himmel. Skulen har ein kristen ståstad som vi ønskjer skal gjere oss både tydelege og imøtekomande. Vi har god erfaring med å sjå menneske med ulike livssyn kome saman og utvikle gjensidig respekt og engasjement for kvarandre. Gjennom heftige naturopplevingar og gode fellesskapserfaringar, ønskjer vi å formilde både kunnskap og tru, naturglede og tryggleik. Undervisninga skjer tett på naturkreftene og livet. Her får du oppleve sterke og personlege uttrykk som gjer inntrykk og set gode avtrykk som er fine å ta med seg når livet går vidare etter at skuleåret er ferdig.

    TIL OSS – til dette landskapet –  inviterer vi deg som elev eller støttespelar på annan måte. Fridtjof Nansen oppmoda samtida si slik i ei tekst frå i 1900:
    ”Gje dei noko av naturlivet tilbake. Det dei manglar, men som alle bevisst eller ubevisst lengtar mot. Og livssynet skal bli sunnare, og livsgleda lysare”.
    Kva kan så Nordfjord tilby? Vel, ein fjord å segle på. Ei fjellside å klatre opp. Eit brefall å boltre seg i. Venner å bli kloke på. Og ein himmel å sette spor under.