Friluftsliv / Vind og vatn

Ein heilt annan fartskontroll

Vind og vatn. Det er ein uslåeleg kombinasjon. Sjå føre deg kiten som dreg deg bortover vidda. Dei store fjella som inviterer til leiken skikøyring i luftig pudder. Bølgjene på det store havet, deg sjølv og surfebrettet. Og ikkje minst dei store elvane på Voss der du og kajakken dansar uautorisert hiphop. Du vil kjenne smilet breie seg og adrenalinet bruse, finne roa rundt bålet og kjenne meistring i ein storslått natur. Og alt dette i fellesskap med gode venner.

Gira?

Surfetur til Europa
10 dagar
Elvepadling på Voss
5 dagar
Kiting på snø
5 dagar
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen
5 dagar
Surfing på Stad
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Kystveke
3 dagar
Tindetur på Sunnmøre
3 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Havkajakk
3 dagar
Klatring
3 dagar
Toppturar på ski
8-10 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
Vandretur om hausten
3 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Snøholetur
3 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Vind og vatn er ei linje med kontrastar. Sånn er det når vinden og vatnet får bestemme

Hausten er fullpakka med moro. Året startar med fjellturar i nærområdet som byr på høge toppar med vill utsikt, ro rundt bålet og ein fredeleg leirplass. Me skal klatre, gå Via ferrata i Loen og sykle leikne stiar i fjellet. Og rett ved skulen ligg fjorden med fine muligheiter til å padle og segle med skulen si Collin Archer – skute.

Når regnet har fylt opp elvane på Voss finn me fram elvekajakken. Her skal me lære oss å manøvrere kajakken ned ei brusande elv frå den eine bakevja til den andre. Me kan garantere våt lugg, adrenalin og store smil.

På Stadt rullar det evige toget av bølgjer inn over stranda. Og på desse bølgjene skal me surfe. Me skal bli kjent med havet, kva som skaper bølgjer og korleis me kan ta vare på det. Med god instruksjon vil du raskt oppleve meistring og kjenne gleda over å suse innover på ei bølgje.

Når vinteren kjem og dei flotte Nordfjordfjella vert dekte med snø er det på tide å finne fram skia. Då skal me utforske dei gode topptur-muligheitene i nærområdet og få grunnleggande skredundervisning. Det vil bli dagsturar, overnattingar i snøhole, telt og hytter. Når vinden bles over vidda reiser me til Hardangervidda. Her får me god innføring i å fly kiten, og før du veit ord av det susar du bortover vidda.

Utover våren tek sola meir tak. Det blir solkrem, solbriller og fregner på nasen når topptursesongen går inn i påskeslusjen sin fasen. Og når sola verkeleg tek tak reiser vi avgårde til Europa på eit lengre surfeprosjekt i jakt på deilige bølger og det gode liv.

Det blir ei salig blanding av adrenalin og ro.

Prisen på linja finn du her 

Sjå meir +
"Keep padling! Momentum! Kajakken dropper utfor og stuper inn i det hvite skummet. Målrettet og fokusert, med overkroppen en anelse foroverbøyd, går padleåren som en hjulvisp gjennom det brusende vannet. Og omtrent før jeg rekker å tenke er det hele over. Kajakken glir stabilt ut av det urolige vannet. Fylt av adrenalin og med et bredt smil om munnen bryter jeg ut i en blanding av latter og et gedigent gledesbrøl." - Øystein Aas

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko
• Ryggsekk: Bør romme min. 70 liter
• Dagstursekk: Bør romme min. 40 liter med mulighet for å feste ski på sekken
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må være så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kartmappe
• Kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen)
• Kle og sko til trening både ute og inne
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før segltur med Stadtsraad Lehmkuhl og surfetur i Europa.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.

NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +