Friluftsliv / Ski og surf

Eit heilt år med fri flyt

Det handlar om å flyte. Om å vere på toppen av elementa. Om å finne den rette kjensla i laussnøen ned frå kvasse vestlandsfjell. Eller blant bølgjene ute i Hoddevika ved Stad. Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. Du skal på roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge.

Du kan ikkje surfe gjennom heile livet. Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.

Surfing på Stad
10 dagar
Skikøyring i anlegg
5 dagar
Vandretur på hausten
3 dagar
Tinderangling
3 dagar
Segling
3 dagar
Pudderjakt i Noreg
8 dagar
Tuppturveke i Romsdalen
5 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Bretur
3 dagar
Elvepadling
2 dagar
Havkajakk
3 dagar
Klatring
5 dagar
Toppturar
10-15 dagar
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Snøholetur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

På linja Friluftsliv/Ski og surf har vi naturlegvis hovudfokus på friluftsliv, ski og surf!

På hausten reiser vi fort til Hoddevika, på Stad, når bølgevarslet ser bra ut. Her ute er det ofte gode forhold både for nybegynnarar og for dei som har surfa før. Mengdetrening er viktig for at vi skal bli flinkare og få skikkeleg glede av aktiviteten. Det er litt kav i starten, men det er verdt det.

Vintersesongen her i Nordfjord er ofte lang. Er vi heldige får vi ein tidleg abstinensskitur i oktober, men elles startar sesongen for fullt i november-desember. I starten er vi nokre dagar i anlegg for å få inn litt grunnleggjande skiteknikk. Så startar topptursesongen, og dei pudderkledde nydelege vestlandsfjella ligg berre og ventar på oss.

Skredvurdering er ein svært viktig del av skikøyringa på linja. Vi set av mykje tid på turane til å gjere vurderingar for å ferdast trygt i fjellet. I tillegg til tre dagar med skredkurs saman med heile skulen, er heile vintersesongen vår eit langt skredkurs. Nydelege toppar og djupt, urørt pudder er prikken over i-en.

På denne linja får du eit bredt spekter av aktivitetar i tillegg til ski og surf. Du får ein god smakebit av klatring, kajakk, bre og mykje anna. Friluftsliv gjennomsyrar alle aktivitetane vi driv med. Du får mange overnattingar i telt haust, vinter og vår. Middagen i teltet smakar som oftast nydelig etter ein lang dag med sekk på ryggen. Den gode samtalen rundt bålet på kvelden heng òg høgt.

Det er godt å vere på tur. Det er godt å vere saman på tur!

Pris på linja finn du her

Sjå meir +
"Å surfe er som å sykle. Det er litt vanskeleg å lære, men du gløymer det ikkje når du kan det." - Simen Eid Nielsen

PAKKELISTE

• Sovepose: Bør vere så varm at du kan sove ute om vinteren. Eventuelt kombinere bruk av to tynnare posar.
• Liggeunderlag
• Fjellstøvlar
• Ullstillongs og ulltrøye
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Varme kle
• Hue, vottar, hals
• Vindtett jakke, bukse og vottar
• Solbriller
• Regnkle
• Ryggsekk: Bør romme min. 55 liter.
• Dagstursekk: minst 30 liter, godt bæresystem + feste for ski
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Termos og matboksar
• Kniv
• Hovudlykt
• Kartmappe og kompass + hellingsmålar eller kompass med klinometer
• Randonneski eller telemarkski. Støvler med gåfunskjon, ikkje lærsko. Skal du kjøpe ski? Sjå etter ski med om lag 100mm breidde på midten, og støvlar og binding med gåfunksjon. Dette gjeld uansett om du vil ha telemarkski eller randonnè. Til lettare ski og sko er, til betre er dei på tur, men dette går etter kvart utover køyreeigenskapane ned, om du ynskjer å prioritere det. Vi kjem til å bruke skia cirka like mykje til alpinalegg som til topptur. Ta kontakt om du lurer på val av ski, binding og sko, og hugs at det er mykje fint brukt og til utlån!
• Skihjelm og alpinbriller
• Skifellar tilpassa skia
• Snøspade og søkestang
• Førstehjelpsutstyr
• Elektronisk sendar/mottakar (skredsøkar)
• Kle og sko til trening både ute og inne (hugs sko med lyse solar)
• Sykkel, til bruk i nærområdet rundt skulen
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass og reiseforsikring (Alle må ha dette i orden til seglturen med Statsraad Lehmkuhl i september!)
• Innbuforsikring (Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.)

Sjå meir +