Dette er linja som er spekka med alt som er kjekt! Her får du prøve det meste, frå fartsfylt vannsport til rå fjellopplevingar. Vi køyrer vannski og wakeboard, kastar oss ut i rafting og testar elvekajakk i brusande elvar med dyktige instruktørar. Fjellskoa blir også flittig brukt, og på Sunnmøre ventar tinderangling der vi klyv oss opp på mektige fjelltoppar, med luftig utsikt og skikkeleg meistringskjensle!
Når hausten kjem og dagane blir mørkare og kaldare, set vi kursen sørover til Biarritz i Frankrike på ein to vekers surfe- og sportstur! Her blir det masse surfing, sykling, trening, tennis, padel og golf, kombinert med sol, strandliv og god stemning. Undervegs får vi også ein heil dag til å utforske Paris, og tek turen innom San Sebastián i Spania, ein sjarmerande kystby med flotte strender og yrande folkeliv. To veker fulle av aktivitet, nye opplevingar og gode minne med gjengen!
Gymsalen, treningsrommet og fleirbrukshallen på Sandane bruker vi meir og meir utover hausten. Her er eit stort og godt anlegg for symjing, klatring og sjølvsagt god plass til tradisjonelle idrettar som fotball, badminton og volleyball. Men du skal også få prøve deg på andre spennande aktivitetar, slik som paintball, gokart og leirdueskyting.
På vinteren har vi mykje fokus på ski og snøaktivitetar. Det vert alpint-, telemark- og snowboardkurs for heile skulen i Myrkdalen. Vi går toppturar og har skredkurs. Når forholda tillet det, tek vi med oss skøytene til fjells og spelar hockey med spektakulær fjellutsikt! Heile året prøver vi å utnytte dei moglegheitene naturen gir oss. Det geniale med å kombinere friluftsliv og sport er at vi kan nyte finveret ute og heller finne på noko kjekt i hallen når veret ikkje spelar på lag. Slik vert det også med overnattingsturane våre. Vi søv i telt når det er fint og leiger hytte når det freistar. Det blir også snøholetur med heile skulen, så variasjonen er stor.
Når dagane vert lengre, kan vi leggje ut på endå lengre skiturar. Vi når høgare toppar og får nyte den ville naturen her på Nordvestlandet. Eit av høgdepunkta på våren blir ein fem dagars segltur til Shetland med heile skulen. Her skal vi oppleve livet om bord, segle over havet og skape minne saman som vi seint gløymer! Når snøen forsvinn, finn vi fram terrengsyklane og utforskar dei flotte stiane rundt skulen. Er vi tidleg tilbake frå tur, fyrer vi kanskje grillen og køyrer ein runde med beachvolley i sola på skuleplassen.
Året på Friluftsliv/Sport vert allsidig, aktivt, utfordrande og veldig, veldig kjekt! Eit år fylt med aktivitet, vennskap og minne for livet!
Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne.
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid
• Badetøy
Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 30 liter
• Ryggsekk- bør romme min. 70 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Solbriller
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar fungerer kjempebra til matboks på tur.
Vinterutstyr
• Ski: Randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skistavar
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang
Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen på fritida)
Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før tur til Frankrike og Spania, samt segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Europeisk helsetrygdekort: Gjev deg rett til nødvendig medisinsk behandling i EU/EØS-land.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.