Surf er akkurat så gøy som det ser ut

Med brettet under armen og sand mellom tærne startar vandringa mot det innbydande havet. Bølgjene rullar endelaust inn mot stranda og roper etter å bli surfa. Med god instruksjon og rask meistringskurve surfar du bølgjer før du veit ordet av det. Og ingenting er betre enn å bli møtt av jublande venners blikk i det du surfar forbi dei på ei grøn bølgje.

Ytterst på Stad, mellom bratte fjell og eit mektigt hav, ligger Hoddevik med si ikoniske strand og krystallklare vatn. Ei perle langs norskekysten som i takt med sesongen endrar karakter. Frå nydelege sommardagar med rolege bølger til snøkledde fjell og eit friskt hav som pumpar inn bølgje etter bølgje. Bølgjer som let både nybegynnarar og erfarne surfarar utfalde seg.

«Du vet den følelsen når man ikke vil være noe annet sted i hele verden? Ja» - Vilde Roe

Dag to var prega av stor sjølvtillit hos folka i klassen. Vi satsa på større bølgjer og padla lengre ut. Fleirfaldige timar vart brukt i sjøen den dagen og vi kan ikkje slutte å tenkje på kor heldige vi er som har opplevingar som dette kvar veke. Kvelden vart avslutta med ein rolig hamburger i godt lag. Folkehøgskule er definitivt vegen å gå etter vidaregåande.