Dette blir ein pust i bakken og eit år med fokus! Vi skal vere mykje ute, kjenne på freden i barskogen, stilla i fjellheimen og stå og beundre stjernehimmelen – samtidig som vi søkjer det ekte og meiningsfylte. Gled deg til eit år fullt av djupe samtalar, frisk luft og teltliv!
Vi skal utforske Guds gode skaparverk – vandre i fjellheimen, padle på fjorden og kjenne på adrenalinet og kjensla av meistring i naturen. Vi skal undre oss, stille spørsmål og lære meir om kven vi eigentleg er, kva meininga med livet er, og kva for plass vi har i dette skaparverket. Det blir sprakande bål, gode samtalar, stille morgonar og eit sterkt og ekte fellesskap.
I nærområdet rundt skulen skal vi prøve terrengsykling, klatring og toppturar. Når vinteren kjem blir det skikøyring i alle former – og ein magisk skitur til Alpane! Vi skal lage god mat i det fri og kjenne på kor godt det er å dele kvardagen med andre.
Fjorden er òg nabo til skulen, med eige naust og båtar. Vi skal ut på vatnet, kjenne på kreftene i naturen og reise ut til Hoddevika for å surfe på bølgene.
Vi vil bruke tid på å bli betre kjend med Bibelen, Gud og Jesus. Gjennom bibelfordjuping, retreat, og deltaking på inspirerande arrangement som Get Focused og Impuls, får du plass til å utfordre og utvikle trua di i eit trygt miljø. Dette går som ein raud tråd gjennom heile året, der vi deler liv, tru, tvil og hovudbry saman.
Vi håpar og ynskjer at du skal få kjenne på ro og fokustid, vekst som person, ein djupare relasjon til Bibelen og til Gud – og vener for livet.
Klede
• Turbukse
• Badetøy
• Fjellstøvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne.
Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 30 liter
• Ryggsekk- bør romme min. 70 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Solbriller
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar fungerer kjempebra til matboks på tur.
Vinterutstyr
• Ski: Randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skistavar, gjerne teleskopstavar
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang
Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i nærområdet til skulen på fritida)
Dokumenter
• Bibel
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før skitur til Alpane og segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Europeisk helsetrygdekort: Gjev deg rett til nødvendig medisinsk behandling i EU/EØS-land.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.