Ekspedisjon på fleirdagars hausttur
i storslått vestlandsnatur.
Pulktur på Svalbard!

Innhald på linja

Vinterekspedisjon på Svalbard
10 dagar
Haustekspedisjon på Filefjell
8 dagar
Jotunheimen frå nord til sør
8 dagar
Fjellturar til fots
5 dagar
Havkajakk
3 dagar
Breoppleving
2 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Tinderangling
3 dagar
Klatring
3 dagar
Surfing i Hoddevik
3 dagar
Kystveke
3 dagar
NF brekurs
4 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
Vandretur om hausten
3 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skiveke i Myrkdalen
5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen
4 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Sjå meir +
Ekspedisjon. Eit ord lada med forventningar og spenning. Eit forlokkande ord. Om å reise frå det kjende og inn i det­ ukjende med folk du stoler på. Til Filefjell, Jotunheimen og Svalbard. Stor sekk, pulk og ski. Netter i telt og mat på primus. Godt førebudd. Vind og ver. Overnatting under stjerneklar himmel i majestetisk natur. Og du veit at du kan. Og tenk om du møter ein isbjørn?
Poster Image
Sjå filmen
"Eg vil måle krefter med naturen. Og samtidig lære meg å leve med naturen, ikkje mot den."
-Hans Haugstad Avdem

Meir informasjon om tilbodet på linja

Lange turar skapar eit sterkt samhald i klassen, og etter eit år på ekspedisjonslinja sit du igjen med mykje turerfaring.

Friluftsliv/ekspedisjon er ei linje der kunnskap om og nærleik til naturen står sentralt. Lange turar set djupe merke i ein, og vi håpar året vil vere eit utfordrande eventyr på mange plan.

Lengre turar og mange utedøgn krev at vi må improvisere og finne løysningar undervegs. Utstyr må reparerast og vi får sosiale utfordringar. Du vil lære å orientere, leggje opp vegval, bestemme leirplassar, kva du bør ha med og samtidig pakke lett.

Tørking av mat og turmat vil vi også arbeide med. God mat på lange og krevjande turar betyr enormt mykje. Det vil bli mange netter i telt og under open stjernehimmel.

Før og mellom dei lange turane våre vil vi reise på kortare turar. Her lærer vi det grunnleggjande i generelt friluftsliv, ferdsel på bre, kanopadling i elv, klatring og havkajakk. Basiskunnskapane vil kome i forkant av dei større turane, slik at vi er godt budde før vi reiser. I tillegg reiser vi til Sunnmøre på topptur og går på kjende fjell i området rundt Nordfjorden.

Langtur i haustfjellet
Vi går i fjellet og padlar muligens kano i elv eller havkajakk, avhengig av turmål. Tidlegare har vi kryssa fjellområde som Nordfjord, Sunnmøre, Femunden, Jotunheimen, Trollheimen og Dovrefjell. Du får prøve deg som turleiar og blir fortruleg med bruk av kart og kompass. Vi blir godt kjende med kvarandre, og får oppleve fjellet i sine finaste haustfargar.

Vintertur på ski
Om vinteren går vi ein lengre tur på ski i Jotunheimen. Vi kjem til å overnatte både i telt, snøhole og på hytte. Vi vil veksle mellom å ligge i basisleir og gå på toppar, og å vere undervegs.

10 dagars tur til Svalbard
Svalbard er ein del av Arktis som er fantastisk, men samtidig svært krevjande å ferdast i. Vi går ein lengre skitur på Nordenskjøldland der vi får brukt alt det vi har lært i løpet av skuleåret. Vi blir kjende med kvarandre på ein ny måte i det kalde, utruleg flotte landskapet. Du lærer korleis du går på tur på Svalbard med tanke på isbjørn og kulde. Vi vil også lære om Svalbard som samfunn og om øygruppa sin kultur, om historie og geologi.
Turar treng mykje planlegging. Vi lærer om gruppeprosessar og korleis vi får ei gruppe til å fungere best mogleg. Tidleg på vinteren får du opplæring i telemark og basisferdigheiter i vinterfriluftsliv. Vi skal innom mellom anna bekledning og utstyrslære. På skredkurs lærer vi snøkjennskap, skredvurdering og kameratberging ved skred.

Pris på linja finn du her

Sjå meir +

PAKKELISTE

Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Gamasjar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko
med lyse såler til trening inne
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk
utearbeid

Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 30 liter
• Ryggsekk- bør romme min. 65 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove
ute om vinteren. (Det går an å
kombinere ein sommarpose med ein
3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Solbriller
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på
skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar
fungerer kjempebra til matboks på tur.

Vinterutstyr
• Ski: Fjellski med stålkantar
• Skistavar
• Skifeller tilpassa skia (langfeller)
• Fotposar
• Skihjelm
• Skismøring
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang

Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke
på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i
nærområdet til skulen på fritida)

Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før segltur med
Stadtsraad Lehmkuhl.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si
innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det
er viktig at du har forsikring på tinga dine som du
tek med.

 

NB!
Du treng ikkje alt som står på lista frå
skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet
til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +