Slepp bremsa på sykkelen og smil!
Haugsvarden ligg rett bak skulen. Lokale sykkelentusiastar har bygd stiar på dugnad, og stiane svingar seg elegant oppover, nedover og bortover. Når du kjem til toppen har du utsikt. Skikkeleg utsikt. Litt av ei belønning. Og sykkelturen ned att er belønning opphøgd i andre.
Vereideskogen byr på variert sykling. Nydelege flytstiar som slyngar seg gjennom barskogen, utfordrande crux som stiller krav til balansen og leikne doserte svingar der du kan sleppe opp bremsene på både sykkelen og smilet. Her finn du sti for ein kvar smak.
Med eit fullt klassesett med fulldempa syklar har Nordfjord folkehøgskule lagt forholda til rette for å utforske dette stiparadiset.
Les meir: friluftslivskulen.no/magasin/syrefest-utan-like-like/