Fjellet lokkar, eg lyt svara

Fjellheimen ligg der. Alltid! Stor og vill, detaljrik og lun og full av kontrastar. Og med beina til hjelp kan me oppleve dette varierte landskapet på nært hold. Vandre rolig gjennom djupe dalar, finne friskt vatn i ein sildrande bekk, klyve bratt opp mot ruvande toppar og ligge rolig i lyngen etter ein lang tur.

Den norske fjellheimen er like variert som den er lang. Om du utforskar Nordfjords moglegheiter mellom bre, fjord og fjell, Sunnmøres tindelandskap eller Nord-Norges perler i havgapet vil dei alle gjere noko med deg. Sette spor! Og når desse opplevingane delast med gode venner, vert det til djupe spor som varer.

Fjellet er vilt, men det er også stille. Vekk frå all støy og mas kan ein leve eit rikt liv med enkle midlar. Og det er denne roen i det enkle friluftslivet som lokkar. Timane rundt bålet flyg når elden slukar blikket vårt. Samtalen flyt og songen sit laust. Etter ein lang dag smakar maten nydeleg og liggeunderlaget blir ei himmelseng. Du føler deg rik!