Hausten er fullpakka med moro. Året startar med fjellturar i nærområdet: høge toppar med vill utsikt, ro rundt bålet og fredelege leirplassar. Vi går på bre og tek brekurs, og vi klatrar mykje – på eigne sikringar i Bohuslän, på kvasse tindar i Molladalen på Sunnmøre og i buldreveggen på skulen. Du tek brattkort, lærer kameratredning og får prøve deg på sportsklatring.
Innimellom padlar vi elv og syklar leikne stiar i fjellet. På Stad rullar det evige toget av bølgjer inn mot stranda, og der skal vi surfe. Vi blir kjende med havet, kva som skapar bølgjene og korleis vi kan ta vare på det. Vi kan love våt lugg, adrenalin og store smil.
Når vinteren kjem og Nordfjordfjella blir dekte av snø, finn vi fram skia. Vi utforskar dei gode toppturmoglegheitene i nærområdet og får grunnleggande skredundervisning. Det blir dagsturar, isklatring og overnattingar i snøhole, telt og hytter. Når vinden bles, får du god innføring i å fly kite.
Linjeturen går til Alpane i Austerrike. Der nyttar vi dei spektakulære fjella til både skikøyring i anlegg og toppturar.
Utover våren tek sola meir tak. Det blir solkrem, solbriller og fregner på nasen når snøen blir til påskeslush. Vi køyrer på Galdhøpiggen skisenter og reiser på toppturveke i Jotunheimen, der vi på trygt vis oppsøkjer dei råaste toppane og utsiktene du kan tenkje deg.
• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko (om du kjøper nye bør dei vere så stive at de kan brukes med stegjern)
• Ryggsekk: Bør romme min. 70 liter
• Dagstursekk: Bør romme min. 40 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sender/mottaker (Skredsøker)
• Klatresko
• Sykkel (til å bruke til å komme seg rundt i nærområdet)
• Kle og sko til trening både ute og inne
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før alpetur.
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.