Brusande moro!

Norge er eit av verdas beste land å padle elv i. Med sine mange fjell og dalar har vatnet i tusenvis av år funne sin eigen veg frå fjellet og ut til havet. Denne krafta har menneske nytta seg av i lang tid. Til tømmerfløyting, sagbruk, vasskraft og padling. Og det er i desse elvane at moroa begynner.

Manøvrering av kajakk og balansen lærer ein fyrst på roleg vatn, før ein set nasen mot elvar med meir fart. Her suser me nedover stykke for stykke med trygge stopp i dei mange bakevjene som gir tid til å puste og møte jublande blikk frå padlevener.

Elvepadling
Elvepadling
«En ufrivillig rodeo i elva og mange nye utfordringer gjorde dette til en sykt kul dag med elvepadling» – Ruben Antonsen