Naturen i Nordfjord er rå, og det er elementa òg.

Vinden kan være ei plage, men i det du lærer deg å utnytte den blir den fort din beste venn. Med den store vidda som leikeplass og vinden som leikekamerat har du uendelege moglegheiter. Den trekker deg dit du vil og let deg tilbakelegge store strekningar i godt driv. Med rette grep tek vinden deg med på luftige hopp med påfølgande adrenalinrush. Deg, vinden, vidda og venner.

 

Nordfjord byr på variert natur. Frå flate brear til spisse fjell. Og midt mellom dette ligg Nordfjord folkehøgskule. I skulens bakgard finn du fjellområde som inviterer til leik. Og når vinden bles er kiten eit naturleg val. Med litt vindkunnskap og nokre styringstips er vegen rask frå treningskiten til du suser bortover vidda.

«En vi(n)dunderlig opplevelse» - Mari Asdal