Der nedturen kan måle seg med oppturen!
Med sine høge fjell og sin djupe snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Og med feller under skia er desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Det er midt i dette at oppturen starter. Opp, opp og opp mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.
Vinterfjellet er storslått og vakkert. Men det krevst kunnskap og erfaring for å ferdast på ein trygg måte. Med kjennskap til terreng, snø og vær kan me lære å ta gode tur- og vegval ut frå dei gjeldande forholda. Ved hjelp av skredvarslinga skal me øve oss på å gjere gode skredfarevurderingar og ta gode vegval. Me kan lese terrenget og finne den lette puddersnøen, den opne skogen og dei luftige klippene.
Feller – Festemiddel som vert festa til skisålen på veg opp fjellet.
Skredvarsling – Varsom.no er ei teneste levert av NVE, i samarbeid med Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Bane NOR. Dei, ved hjelp av observatører i fjellet, beskriver skredfaregraden i fjellet.