Hausten er fullpakka med moro. Året startar med fjellturar i nærområdet som byr på høge toppar med vill utsikt, ro rundt bålet og ein fredeleg leirplass. Vi skal klatre, prøve oss på mange ulike aktivitetar i elv og sykle leikne stiar i fjellet. Når regnet har fylt opp elvene på Voss finn vi fram elvekajakken. Her skal vi lære oss å manøvrere kajakken ned ei brusande elv frå den eine bakevja til den andre. Vi kan garantere våt lugg, adrenalin og store smil.
På Stadt rullar det evige toget av bølgjer inn over stranda – på desse bølgjene skal vi surfe. Vi skal bli kjent med havet, kva som skaper bølgjer og korleis vi kan ta vare på det. Tidleg på hausten set vi kurs mot Biarritz, får grundig instruksjon og surfar på nydelege strender.
Når vinteren kjem og dei flotte Nordfjordfjella vert dekte med snø er det på tide å finne fram skia. Då skal vi utforske dei gode topptur-moglegheitene i nærområdet og få grunnleggande skredundervisning. Det vil bli dagsturar, isklatring, overnattingar i snøhole, telt og hytter. Når vinden bles får vi god innføring i å fly kiten.
Linjeturen går til Alpane (Austerrike) og vi nyttar dei spektakulære fjella til både skikøyring i anlegg og toppturar.
Utover våren tek sola meir tak. Det blir solkrem, solbriller og fregner på nasen når topptursesongen går inn i påskeslusjen sin fase. Vi skal reise på toppturcamp i Jotunheimen. På trygg og sikker måte skal vi oppsøke dei råaste toppane og utsiktene du kan tenkje deg!
• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk utearbeid
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko (om du kjøper nye bør dei vere så stive at de kan brukes med stegjern)
• Ryggsekk: Bør romme min. 70 liter
• Dagstursekk: Bør romme min. 40 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sender/mottaker (Skredsøker)
• Klatresko
• Sykkel (til å bruke til å komme seg rundt i nærområdet)
• Kle og sko til trening både ute og inne
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før buldretur til Fontainebleau i oktober.
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.