Vind og vatn er ei linje med kontrastar. Sånn er det når vinden og vatnet får bestemme
Hausten er fullpakka med moro. Året startar med fjellturar i nærområdet som byr på høge toppar med vill utsikt, ro rundt bålet og ein fredeleg leirplass. Vi skal klatre, prøve oss på mange ulike aktivitetar i elv og sykle leikne stiar i fjellet. Når regnet har fylt opp elvane på Voss finn me fram elvekajakken. Her skal me lære oss å manøvrere kajakken ned ei brusande elv frå den eine bakevja til den andre. Me kan garantere våt lugg, adrenalin og store smil.
På Stadt rullar det evige toget av bølgjer inn over stranda. Og på desse bølgjene skal me surfe. Vi skal bli kjent med havet, kva som skaper bølgjer og korleis me kan ta vare på det. Tidleg på hausten set vi kurs mot Biarritz og får grundig instruksjon og surfar på nydlege strender.
Når vinteren kjem og dei flotte Nordfjordfjella vert dekte med snø er det på tide å finne fram skia. Då skal me utforske dei gode topptur-muligheitene i nærområdet og få grunnleggande skredundervisning. Det vil bli dagsturar, isklatring, overnattingar i snøhole, telt og hytter. Når vinden bles over vidda reiser vi til Hardangervidda. Her får vi god innføring i å fly kiten, og før du veit ord av det susar du bortover vidda.
Utover våren tek sola meir tak. Det blir solkrem, solbriller og fregner på nasen når topptursesongen går inn i påskeslusjen sin fasen. Vi skal reise på toppturcamp i Jotunheimen. På trygg og sikker måte skal vi oppsøke dei råaste toppane og utsiktene du kan tenkje deg!
Det blir ei salig blanding av adrenalin og ro.
Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko
med lyse såler til trening inne.
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk
utearbeid
Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 40 liter, godt
bæresystem + feste for ski
Ryggsekk- bør romme min. 70 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove
ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein
sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Solbriller
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på
skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar
fungerer kjempebra til matboks på tur.
Vinterutstyr
• Ski: Randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skistavar
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang
Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke
på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i
nærområdet til skulen på fritida)
Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før tur til Biarritz
på hausten og segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si
innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det
er viktig at du har forsikring på tinga dine som du
tek med.