Per Momrak

Friluftslivlærar, Avdelingsleiar friluftsliv
Tel. privat: 91130626
Epost: per@friluftslivskulen.no
Per er ikkje spesielt lat. Han er eigentleg heilt motsett av lat. Han blir faktisk litt gretten viss han må sitte i ro, og han kan ikkje fatte at folk kan gå ein heil dag utan å gjere noko fornuftig. Mannen elskar jakt, fiske, cola og sjokolade. Per er utdanna møbelsnekkar, og så har han diverse vidareutdanning i forming, friluftsliv og mat.
Utdanning og kompetanse
  • Fagbrev som Møbelsnekker
  • Faglærer i forming, Høgskulen i Telemark
  • 30 stp friluftsliv, Høgskulen i Volda
  • 30 stp Mat, kultur og konservering, Høgskulen i Volda
  • Jegerprøveinstruktør
  • NF-godkjent breinstruktør
  • Klatreleiar inne
Arbeidserfaring
  • Lærar ved Sandvik Folkehøgskule, 3 år
  • Lærar ved Ytre Herøy Ungdomsskule, 1 år
  • Lærar ved Borgund Folkehøgskule, 1 år
  • Friluftslivlærar på Nordfjord folkehøgskule frå august 2002
Underviser også i
  • Jegerprøve, terrengsykling, leirdueskyting, fluebinding og mat i det fri