Eit jakteldorado av dei heilt sjeldne

Hjorten likar seg best der den får vere i fred. Då veks han seg stor og fin, og har gode dagar i skogen.

Å jakte i Frønningen i Sogn er å jakte i eit område der hjorten verkeleg har fått vere i fred. Det går ikkje veg inn dit, og ferja kjem berre eit par gongar i veka. Før var dette ein stad med stor skogbruksindustri, og det ligg eit stort herskapshus nederst ved fjorden. Men no er dette først og fremst hjorten sitt rike. Dei 6 fastbuande er heilt klart i mindretal.

Jaktveka i Frønningen er difor eit av haustens store høgdepunkt. Her vert det spennande posting, artige jag og sannsynlegvis mange felte dyr. I tillegg til hjortejakta, er dette eit flott område for å jakte storfugl, så det vert varierte dagar.

Om du har lyst til å sjå video frå området anbefaler vi denne filmen frå jaktogfiske .Og at du søker etter Kristoffer Klausen på YouTube, som har laga mange av sine flotte jaktfilmar nettopp i Frønningen.

Frønningen
Frønningen