Møtte veggen!

Mange får sitt første skikkelege møte med klatring på Nordfjord folkehøgskule. Vi er veldig fornøgde med fasilitetane vi kan tilby, både ute og inne. Her er ei lita oversikt over dei viktigaste:

Varbufjellet ligg 15 minutts sykkeltur frå skulen og har 19 ulike ruter til topps.

Sageflåten på Breim er eit område eigna for nye klatrarar. Her finn du både bolta ruter og naturleg sikra ruter.

Ulva er nabofeltet til Sageflåten og har 10 fine ruter.

Beachen i Stryn kommune er eit av Norges mest kjende klatrefelt. Feltet har ruter for både ferske og erfarne klatrara, og ligg ein times tid frå skulen.

Melkevoll i Olden har masser av buldresteinar i alle grader. Steinane ligg faktisk midt på ein campingplass!

Buldrebu er eit eige bygg på skulen. Her kan ein  både lære seg å buldre, skrue ruter og arbeide med klatreforma både i skuletida og på fritida.

Inneklatring i Trivselshallen, 20 minutt  å sykle frå skulen i Sandane sentrum. Elevane disponerer årskort og  kan klatre så mykje dei vil i løpet av året. Her er det også mogleg å ta brattkort.