Anders Ommedal treng ikkje rollercoaster og eventyrpark. Han er hjortejeger i Nordfjord.

Jegerane og jagarane i Holme Jaktlag med leiar Anders Ommedal har planlagt dagen godt. I grålysninga susar dei ut Hyefjorden i små båtar og fordeler seg rundt i stranda. Jegerane stig først i land. Dei skal i posisjon oppe på fjellhyllene før jagarane startar drivinga av hjorten.

Starta som 10-åring

Anders var berre 10 år første gongen han var med på hjortejakt som jagar. No er han 26, har snart felt 100 hjortar og fått eit stort ansvar som jaktleiar. Han er spent, forventningsfull og usikker på utfallet av dagen. Hjorten derimot har «trent» her heile livet, den luktar folk på lang avstand og fangar opp alle unormale lydar.

Terrenget i Hyestranda er ekstremt bratt, spekka med stup og hamrar og nesten uframkommeleg for folk

Heldig med trekkinga

Jegerane har trakt lodd om jaktposisjonane. Anders meiner han har fått ein av dei beste plassane, midt i fjellråsa der hjorten forflytter seg frå hylle til hylle. Etter tre timars klyving og pes, over stup og brattheng, er han ved målet, rundt 500 meter over fjorden. På jaktradioen sjekkar han at alle er i posisjon. Han skifter til tørt tøy, ikler seg kamuflasjedrakt, skrur lyddempar på børsa, ladar opp med fem skot og gjev beskjed om at jakta kan starte. Bak ein stein på kollen finn han ein god gøymeplass, fester blikket på råsa og «frys» kroppen i urørleg stilling.

Hjorten eller jegeren?

Jagarane nede ved fjorden kvitterer med at dei har starta drivinga for å få eventuelle dyr i området til å trekke opp mot skyttarane. Alle veit at no er det eit spørsmål om kven som er smartast. Hjorten på minst 100 kilo kan forflytte seg superraskt i terrenget, eller bestemme seg for å stole på kamuflasjen sin og lure seg rundt og bak drivarane. Styrken til jaktlaget er at dei kjenner trekkrutene til dyra, er gode skyttarar og kan kamuflere seg godt.

Anders registrerer triumferande at vinden bles mot han. Hjorten kan ikkje bruke si sensitive nase til å avsløre han. Etter ein knapp halvtime på post, skjerpar han blikket og strammar fingeren rundt avtrekkaren. Ut av buskene kjem ei kolle og ein kalv i stor fart langs råsa. Kalven er reine ballettdansaren over steinar og kratt. Sidan fødselsdagen i mai har den sprunge etter mor læremeister langs fjellhamrane. Slik blir hjorten ekspert på landskapet den veks opp i.

 

Jegeren er ingen livsfare for hjortekalven denne dagen. Anders trekkjer ikkje ein gong på skuldrene. Kolle og kalv står ikkje på ynskjelista. Det er bukken han er ute etter, helst den store med minst 10 greiner i geviret.

Adrenalinkick

Jaktleiaren må vente ein halvtime til før adrenalinet på nytt pumpar i blodet. Han høyrer lyd i krattet. Kroppen sit urørleg i lyngen med skjerpa sansar og større pupillar. Mentalt går han gjennom bildet av hjorten og innfallsvinkelen han må ha mot bogen sidan han sit over dyret. Sjølvtilliten etter mange felte dyr og innertiarane på skytebana er god å ha. Hjernen produserer dopamin og skaper forventing om ny suksess og lukkerus. Brått får han eit glimt av den brune, sommarfarga pelsen og registrerer så vidt fire greiner i hornet før dyret like brått er ute av synet. Anders er overumpla. Kvar er bukken? Kvifor kjem den ikkje som forventa vidare på råsa? Har den ant uråd? Har den tverrvendt? Eller har den som bukken til Peer Gynt gjort eit himmelsprang og sett utfor? Han rekk så vidt å gruble, før han skimtar firegreinaren bykse i skjul og forsvinne høgre oppe i terrenget. Horten vann. Anders svelgjer nederlaget og set seg roleg tilbake på post.

Fangst

10 minutt seinare gjallar eit skot under hamrane i Hyestranda. Ein av jagarane med børse har skote ein spissbukk. Han melder på radioen at bukken stakk ned eit elvegjel, han er usikker på treffet. Like etter smell det på nytt. Den eldste jegeren rapporterer om treff, men at bukken forsvann i hamrane og dvergbjørkene under han. Å finne att skotne dyr er krevande i dette terrenget. Sjølv om skotet kuttar livlina til hjorten, kan dyret trille langt i skråningane. Holme Jaktlag har hellet med seg denne dagen. Til saman feller dei tre dyr og finn alle. Jaktleiar Anders kommanderer stans i jakta. Dyra skal slaktast, parterast og berast over urar og stup ned til fjorden.

 

I kveldsskyminga er heile jaktlaget tilbake på Holme og veg sekkane sine med kjøt. Vekta til Anders stoppar på 33 kilo, tre kilo mindre enn børa til onkelen hans, Andreas. Jaktleiaren lyser av revansjelyst.

 

Tekst: Arve Sandal

Foto: Geir Ole Laberg

Fakta:

Største hjortefylket

Sogn og Fjordane er det største hjortefylket i landet med ei stamme på rundt 50.000 dyr. Kvart år blir det felt rundt 10.000 dyr i dette fylket, både via posteringsjakt, smygjakt og drivjakt. Hjortejakta varer frå 1. september til 23. desember.

Sjå meir +