Spennande jakt i Sverige

Det er ikkje lett å kome innpå villsvina. Dei er utruleg vare for lyd og ikkje minst lukt, og er nokre skikkelege muskelbuntar med gode spurtegenskapar. Her i landet fins dei berre nokre få stader endå, men i Sverige er dei talrike. Mange jegerar omtalar villsvinjakta som det mest spennande og utfordrande dei veit. Du skjøner kva dei meiner når du set i eit jakttårn i grålysninga og ventar og ventar på villsvinet. For på våren set vi nasen austover, og reiser til Dylta bruk sør i Sverige, http://www.dyltabruk.se. Dette er eit gamalt storgods midt i eit svært viltrikt område, med både hjort, dådyr, rådyr og elg, i tillegg til det vi altså skal jakte på: villsvin, bever og muligens også rev.  Det vert tidleg opp og seint i seng, og alle kjem til å syns det er totalt verdt det.

 

Villsvinjakta
Villsvinjakta