Surfing på Stadt - ein kort køyretur frå Nordfjord folkehøgskule.
Kombinasjonen av store flate vidder, lite vegitasjon og stabil vind gjer Hardangervidda til eit ein populær destinasjon for kitarar verden over. Om vêret klaffer reiser vind og vatn nettopp hit!
Vind og vatn, ein uslåeleg kombinasjon. Kiten som dreg deg bortover vidda og dei store fjella som inviterer til leiken skikøyring i luftig pudder. Bølgjene, deg sjølv og surfebrettet. Elvekajakken i ville stryk. Smilet som breier seg og adrenalinet som brusar. Roa som senkar seg rundt bålet og kjensla av meistring i ein natur som kan ta pusten frå deg. Alt dette i eit trygt og godt felleskap. Gira?

Innhald på linja

Surfetur til Biarritz
12 dagar
Elvepadling på Voss
5 dagar
Kiting på snø
3 dagar
Vindsurfing
3 dagar
Bre
1 dag
Rafting og juving
2 dagar
Surfing på Stad
3 dagar
Kystveke
3 dagar
Tindetur på Sunnmøre
3 dagar
Segling med tradisjonsbåtar
2 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Havkajakk
3 dagar
Klatring
3 dagar
Toppturar på ski
7 dagar
Isklatring
1 dag
Vandretur om hausten
3 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles snøholetur
3 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skiveke i Myrkdalen
5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen
4 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Sjå meir +
Poster Image
Sjå filmen
"Etter å ha falt av surfebrettet, kræsjet kiten og fylt elvekajakken med vann mange ganger, er det fantastisk når man rir den første bølga, får kiten rett veg og kommer gjennom stryket uten å gå rundt."
- Øystein Aas

Meir informasjon om tilbodet på linja

Vind og vatn er ei linje med kontrastar. Sånn er det når vinden og vatnet får bestemme

Hausten er fullpakka med moro. Året startar med fjellturar i nærområdet som byr på høge toppar med vill utsikt, ro rundt bålet og ein fredeleg leirplass. Vi skal klatre, prøve oss på mange ulike aktivitetar i elv og sykle leikne stiar i fjellet. Når regnet har fylt opp elvane på Voss finn me fram elvekajakken. Her skal me lære oss å manøvrere kajakken ned ei brusande elv frå den eine bakevja til den andre. Me kan garantere våt lugg, adrenalin og store smil.

På Stadt rullar det evige toget av bølgjer inn over stranda. Og på desse bølgjene skal me surfe. Vi skal bli kjent med havet, kva som skaper bølgjer og korleis me kan ta vare på det. Tidleg på hausten set vi kurs mot Biarritz og får grundig instruksjon og surfar på nydlege strender. 

Når vinteren kjem og dei flotte Nordfjordfjella vert dekte med snø er det på tide å finne fram skia. Då skal me utforske dei gode topptur-muligheitene i nærområdet og få grunnleggande skredundervisning. Det vil bli dagsturar, isklatring, overnattingar i snøhole, telt og hytter. Når vinden bles over vidda reiser vi til Hardangervidda. Her får vi god innføring i å fly kiten, og før du veit ord av det susar du bortover vidda.

Utover våren tek sola meir tak. Det blir solkrem, solbriller og fregner på nasen når topptursesongen går inn i påskeslusjen sin fasen. Vi skal reise på toppturcamp i Jotunheimen. På trygg og sikker måte skal vi oppsøke dei råaste toppane og utsiktene du kan tenkje deg! 

Det blir ei salig blanding av adrenalin og ro.

Prisen på linja finn du her 

Sjå meir +

PAKKELISTE

Klede
• Skalljakke og skallbukse, vind og vanntett
• Ullstillongs og ulltrøye, lurt med minst to sett
• Ullgensar og/eller dunjakke
• Turbukse
• Fjellstøvlar
• Lue, hals og vindtette vottar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko
med lyse såler til trening inne.
• Uteklede som du ikkje er redd for, til praktisk
utearbeid

Turutstyr
• Dagstursekk- bør romme min. 40 liter, godt
bæresystem + feste for ski
Ryggsekk- bør romme min. 70 liter
• Liggeunderlag
• Sovepose- må være varm nok til at du kan sove
ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein
sommarpose med ein 3-sesongspose på vinteren)
• Hodelykt
• Kompass
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp i hardplast
• Kniv
• Solbriller
• Termos
• Drikkeflaske
• Matboksar: Ta med fleire. Til bruk både på
skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar
fungerer kjempebra til matboks på tur.

Vinterutstyr
• Ski: Randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skistavar
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Alpinbriller
• Snøspade og søkestang

Til rommet og internatlivet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putetrekk
• Handkle
• Klehengarar
• Kopp, glas, tallerken, skål og bestikk til å bruke
på internatkjøkkenet
• Febermålar, paracet osv
• Sykkel og sykkelhjelm – dersom du har (til bruk i
nærområdet til skulen på fritida)

Dokumenter
• Pass: Alle MÅ ha dette i orden før tur til Biarritz
på hausten og segltur med Stadtsraad Lehmkuhl.
• Reiseforsikring: Alle må ha eiga reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si
innbuforsikring, men sjekk for å være sikker! Det
er viktig at du har forsikring på tinga dine som du
tek med.

 

 

Sjå meir +