Friluftsliv / Norske eventyr

Det beste av Norge

Etter dette året kjenner du Norge. Du har opplevd fjella. Du har padla mellom øyane. Du har gått på breane og segla på fjordane. Det er ein unik sjanse til å bli kjend i eige land. Til å oppleve natur og vêr, landskap og kontrastar, kjende attraksjonar og skjulte perler, turvener og fellesskap. Det er det beste av Norge og det beste av friluftsliv.

Eit år på oppdagingsreise i eige land.

Breoppleving
3 dagar
Høgt og lavt i Lofoten (surfing, toppturer)
8 dagar
Kystfriluftsliv og havkajakk i Nordfjord
4 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen
8 dagar
Jostedalsbreen på langs
5 dagar
Segling
2 dagar
Via Ferrata
1 dag
Hundekøyring om vinteren
3 dagar
Vandretur om hausten
3 dagar
Klatring
4 dagar
Toppturar haust og vinter
4 dagar
Segltur med Statsraad Lehmkuhl
5 dagar
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Snøholetur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

Kva vil det seie å dra på Norske eventyr?

Vi skal verkeleg sjå det beste av Norge, difor oppsøker vi dei vakraste eventyra Norge har å by på. Vi plukkar kjente og mindre kjente områder med spektakulær natur og stort rom for opplevingar og friluftsaktivitetar.

Første turen går til vakre Loen, der vi besøker toppane og går Via ferrata. Deretter reiser vi til spissen av Vestlandet, der vi padlar i nydeleg kystnatur. Her lager vi mat vi fangar i havet, oppdagar øyer og lærer oss å padle havkajakk.

Før haustferien set vi nasa mot det eventyrlege Lofoten,  der vi skal bestige toppar, surfe på bølgjer langs kvite strender og prøve oss på ekte lofotfiske.

Mellom turane gjennom Norge vert det opplæring i ulike friluftslivsaktivitetar i Nordfjord. Det blir brekurs, klatrekurs, skredkurs, telemarkkurs, skikurs m.m. I tillegg skal vi på ein 5 dagars segltur til Shetland saman med resten av skulen på seglskipet Statsraad Lehmkuhl,  Norges største seglbåt.

I løpet av vinteren vert det turar med overnatting i snøhole, igloo og telt. Dette vert og ein del av førebuingane til ein lenger vintertur som går gjennom vakre Breheimen og Jotunheimen. Eit fantastisk fjellområde med mange flotte utsynpunkt og toppar.

Når våren kjem dreg vi til Stad for å utforske surfebølgene der, vi seglar Nordfjorden i skulen si eigen Colin Archerskøyte og håpar på god blæst i segla.
Du vil gjennom denne linja få oppleve mykje flott natur, du vil få betre kjennskap til ditt eige land, du vil få mange flotte naturopplevingar, du vil få erfaring med mange ulike friluftslivsaktivitetar, du får testa eigne grenser, du blir godt kjent med teltlivet, og ikkje minst: du får vere med på mange lange turar saman med andre ungdommar.

Pris på linja finn du her 

 

Sjå meir +
"Og da vi satt rundt bålet og sa; «det eneste som mangler nå er nordlys» begynte det å danse grønt på himmelen. Helt utrolig! Turen åpnet øynene mine for at det er så mange flotte eventyr å oppleve i Norge, og etter denne turen fikk jeg lyst til å oppleve fler av dem." - Symre Sørheim

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko
• Gamasjar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse sålar til trening inne.
• Ryggsekk: Bør romme min 65l .
• Dagstursekk: Bør romme min 30l.
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren. (evt ha to, så du for eksempel har ein dunpose inni en syntet. Då slepp du å kjøpe ein dyr vinterpose og du har to du kan bruke kvar for seg eller kombinere)
• Hodelykt
• Kartmappe og kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Fjellski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia (langfeller)
• Fotposar
• Skihjelm
• Skismøring
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel til bruk i nærområdet til skulen (viss du har)
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass og reiseforsikring: Alle MÅ ha dette i orden til seglturen med Statsraad Lehmkuhl i september.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
• Du treng ikkje alt dette frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +