Ein ekte lofottorsk

Som ei pil strekker Lofoten seg ut i havgapet. Frå sine karakteristiske fjell finn du ei nydelig utsikt over kvasse tindar, lange strender og eit endelaust blått hav. Og midt i dette skal Lofoten opplevast. Høgt og lågt!

Fjella reiser seg brått opp av havet. Bratte og ville! Og det er opp dit du vil. Opp og kjenne vinden ruske i luggen i det utsikta tek pusten frå deg. Ein pust som litt lengre nede i fjellsida ropte etter luft.

På ein fiskebåt langt til havs har nordmenn i lang tid sanka mat. Og dette tradisjonelle lofotfiske kan me også i dag få oppleve. Ombord i båten startar også vår ferd ut mot havet der fisken leikar og lokkar på vårt tolmod og vår innsats. Med fiskelukka på plass vert det fort eit festmåltid av eigenfiska storfisk.

«Han sag ut paa det baarutte Havet, der var ruskut aa leggja utpaa men der leikade fisk ned i kavet og den Leiken, den ville han sjå» - Ivar Aasen – Nordmannen

Nordlyset og dei bratte fjellsidene rammar inn Unstad si kvite sandstrand. Og når Atlanterhavet serverer denne perla av ein plass med bølger kan ein ikkje be om så mykje meir. Ein surfars paradis. Og etter god instruksjon og litt tolmod er det du som stend der. Surfande inn på det friske havet. Og kaster ein shaka til ein jublande venn!