Ski under beina og livet i ein pulk

Jotunheimen byr på Noregs høgaste toppar. Eit mektig fjellområde fullt av postkortbasert utsikt. Og med ski under beina og livet i ein pulk kan ein bevege seg fritt gjennom dette landskapet.

Det er noko eige med å vere på tur over fleire dagar. Tilstedeværelsen aukar, fellesskapet styrkast og naturen kjem tettare på. Ein fell inn i ei rytme, der kilometerane vert slukte saman med uteljelege sjokoladebitar og ein får servert det eine panoramabiletet etter det andre. Ei etterlengta pause frå alle dei kvardagslege syslane der roa kan senke seg over ein fredeleg teltleir.

Vennskap byggast gjennom slit i bratte motbakkar og fleire fall i utforbakkane. Ein får sett kvarandre i godt og dårleg vær, når ein er sliten og når ein har overskot. Ein får dele gleda av og meistre, noko som gjer gleda dobbel så stor. Slik dannar ein gode vennskap til kvarandre og naturen.