Kva vil det seie å utforske Norge?
Vi skal verkeleg sjå det beste av Norge, difor oppsøker vi dei vakraste eventyra Norge har å by på. Vi plukkar kjente og mindre kjente områder med spektakulær natur og stort rom for opplevingar og friluftsaktivitetar.
Tidleg på hausten går ferda til vakre Loen, der vi besøker toppane og går Via ferrata. Vi reiser også til spissen av Vestlandet, der vi padlar i nydeleg kystnatur. Her lagar vi mat vi fangar i havet, oppdagar øyer og lærer oss å padle havkajakk.
Før haustferien set vi nasa mot det eventyrlege Lofoten, der vi skal bestige toppar, surfe på bølgjer langs kvite strender og prøve oss på ekte lofotfiske.
Mellom turane gjennom Norge vert det opplæring i ulike friluftslivsaktivitetar i Nordfjord. Det blir breoppleving, klatrekurs, skredkurs, telemarkkurs, m.m.
I løpet av vinteren vert det turar med overnatting i snøhole, igloo og telt. Dette vert og ein del av førebuingane til ein lenger vintertur som går gjennom vakre Breheimen og Jotunheimen. Eit fantastisk fjellområde med mange flotte utsynpunkt og toppar.
Når våren kjem ventar hundekøyring, og padling i verdsarvfjorden Nærøyfjord. Du får oppleve Nordfjorden i skulen si Colin Archerskøyte og håpar på god blæst i segla.
Du vil gjennom denne linja få sjå mykje flott natur, få betre kjennskap til ditt eige land og få mange flotte naturopplevingar. Du vil få erfaring med ulike friluftslivsaktivitetar og få testa eigne grenser. Du blir godt kjent med teltlivet, og ikkje minst: du får vere med på mange lange turar saman med andre ungdommar.
• Ullstillongs og ulltrøye
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Regnkle
• Fjellsko
• Gamasjar
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse sålar til trening inne.
• Ryggsekk: Bør romme min 65l .
• Dagstursekk: Bør romme min 30l.
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren. (evt ha to, så du for eksempel har ein dunpose inni en syntetisk sommarsovepose. Då slepp du å kjøpe ein dyr vinterpose og du har to du kan bruke kvar for seg eller kombinere)
• Hodelykt
• Kartmappe og kompass (gjerne med klinometer)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar
• Solbriller
• Skiutstyr: Fjellski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia (langfeller)
• Fotposar
• Skihjelm
• Skismøring
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel til bruk i nærområdet til skulen (viss du har)
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
• Du treng ikkje alt dette frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.