Dette blir eit bra år! Berre sånn at det er sagt. Vi skal vere mykje ute, og prøve oss sjølve i naturen. Vi skal sjå at haust, vinter og vår glir over i kvarandre ute ved kysten eller oppe i fjellet. Gled deg til eit år fullt av det meste!
Vi skal utforske Guds gode skaparverk – vandre i fjellheimen, gå på breen, padle på fjorden, utfordre oss i elva og surfe på bølgene. Og vi skal lære meir om kven me sjøl er og kva for plass me har i dette skaparverket. Det blir sprakande bål, gode samtalar, stille morgonar og eit godt fellesskap.
I nærområdet rundt skulen skal vi prøve terrengsykling, klatring, toppturar og tinderangling. Når vinteren kjem blir det ski og skikøyring i alle former. Og så skal vi lage god mat i det fri.
Fjorden er òg nabo til skulen, og vi har eige naust med båtar. Vi skal padle kajakk på Gloppefjorden, og vi skal prøve elvekajakk med dyktige instruktørar. Av aktivitetar i og på vatn må vi òg nemne surfing i Hoddevika.
Vi vil bruke tid på å utruste deg som KRIK-leiar gjennom idrett, friluftsliv og aktivitetar. Dette går som ein raud tråd gjennom heile året, og i nokre av linjeopplegga får du møte rutinerte KRIKarar som vil inspirere deg. I løpet av året er vi med og hjelper til i det lokale ungdomsarbeidet i bygda, ein flott mulighet til å bety noko for andre dette året. Ved årsskiftet legg vi opp til at du kan vere med på KRIK sin fantastiske nyttårsleir på Lillehammer – Explore. Ei stor oppleving!
Vi håpar og ynskjer at du skal få utvikle deg som person og som KRIK-leiar. Etter skuleåret blir du prioritert om du ynskjer å vere leiar på Action/KonfAction.
KRIK er til for at du skal få opplevingar du seint vil gløyme. Tru på Gud, tru på deg sjølv, tru på eit utruleg bra år!
• Ullstillongs og ulltrøye, to sett
• Varme kle
• Ullgenser og/eller dunjakke
• Vindtett jakke og bukse
• Lue, vottar og hals/skjerf
• Vindvottar
• Regnkle
• Fjellsko
• Kle og sko til trening både ute og inne. Hugs sko med lyse såler til trening inne.
• Badetøy
• Ryggsekk: Bør romme min. 70l
• Dagstursekk: Bør romme min. 30l
• Liggeunderlag
• Sovepose: Må være så varm at du kan sove ute om vinteren. (Det går an å kombinere ein sommerpose med ein 3-sesongspose på vinteren.)
• Hodelykt
• Kartmappe
• Kompass (gjerne med klinometer/hellingsmåler)
• Førstehjelpsutstyr
• Turbestikk, -tallerken og -kopp
• Kniv
• Ståltermos
• Drikkeflaske
• Matboksar til tur og til matpakke på skulen (Isboks funkar fint)
• Solbriller
• Skiutstyr: Randonee eller telemarkski med stålkantar.
• Skifeller tilpassa skia
• Skihjelm
• Skibriller
• Søkestang
• Snøspade
• Sykkel og sykkelhjelm til bruk i nærområdet
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.