I Slingsbys fotspor!
Norske fjell har i lange tider vore eit ynda reisemål for klatrarar og fjellfolk frå heile verda. Dei mektige fjella med sine kvasse tindar som stuper ned i dei djupe fjordane stend der som store monument. Og for mange blir freistinga for stor. Fjellet skal bestigast.
Å bevege seg i slike fjellformasjonar krev både kunnskap og rett sikringsutstyr. Med hjelp av dette opnar ei heilt ny verd seg, og toppar ein berre drøymer om vert tilgjengelege på ein trygg måte.
Molladalen er ei av Vestlandet sine villaste og vakraste perler. Her finn me kjendisar som Bladet, Jønshornet og Mohns topp. Og med tau, hjelm og sikringsmiddel i sekken, og gjerne litt mot i brystet, startar ferda mot toppen. Forbi vakre vatn og opp bratte renner går ferda, før vinden tek tak i luggen i det du kikker over kanten og blikket stuper ned i Hjørundfjorden på andre sida. Det kriblar i magen, men den ville utsikta gjer alt slitet verdt det.