Friluftsliv / Jakt og fiske

Fulltreffar

No skjer det. Du får leve ut jegeren i deg. Skogane i Nordfjord er fulle av hjort og anna vilt, dette er eit eldorado både for erfarne jegrar og for dei som har lyst til å bli det. I skogen og på fjellet jaktar vi rype, hare, rev, villsvin og hjort. Vi prøver fellefangst, og på kysten jaktar vi gås og sel, og set både garn og line. Når jakta er over, lærer du å bruke ressursane frå naturen. Det blir gode middagar, for å seie det sånn!

I løpet av eit heilt år i Nordfjord er det plass til mykje meir. Du skal få prøve deg på mykje anna friluftsliv: spennande skiturar, sykling, klatring og vakre fjelltoppar.

Velkomen til eit år med mykje jakt og fiske!

Hjortejakt
9-12 dagar
Rype, hare- og skogsfugljakt
8-10 dagar
Villsvin- og beverjakt i Sverige
5 dagar
Havfiske/Segling
5 dagar
Innlandsfiske
5 dagar
Seljakt
3 dagar
Gåsejakt
3 dagar
Klatring
3 dagar
Revejakt
3 dagar
Toppturar
3 dagar
Fjelltur med fiskestang
3 dagar
Terrengsykling
2 dagar
Skileik
1 dag
Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen
5 dagar
Via ferrata Loen
1 dag
Kokelagstur
3 dagar
Førstehjelpskurs
2 dagar
Skredkurs
3 dagar
Felles vintertur
3 dagar
Skiveke i Hemsedal
5 dagar
Åleinenatt
2 dagar
Pilegrimsvandring
3 dagar
Sjå meir +

MEIR INFORMASJON OM TILBODET PÅ LINJA

På Friluftsliv/Jakt og fiske går det mykje i…… ja, nettopp, jakt og fiske. Og så får du mykje friluftsliv i tillegg.

Vi startar året med at dei som ikkje har storviltprøve og jegerprøve tek desse prøvene. Og så er alle klare for året, uansett om ein har mykje eller lite erfaring med jakt, fiske og friluftsliv.

Klassa er heldig og disponerer flotte jaktterreng nær skulen. Vi er i Rognkleiva og i Eimhjellen i Hyen, der vi driv hjortejakt. I Årdal i Jølster jaktar vi ryper. Det er òg høve til rypejakt nær skulen. Seint på hausten reiser vi til Frønningen, ein stor godseigedom i Sogn som disponerer inntil 100 hjorteløyve, og vi får ein bit av dette. Her kan vi óg jakte skogsfugl.

I løpet av hausten skal vi til fjells for å vandre og fiske i fjellvatn.

For dei som vil ha endå meir jakt, så kan du velje det i ei prosjektveke. I tillegg er det mange lokale jaktlag som inviterer oss til privat jakt i helgane.

Etter jul blir det vinterfriluftsliv. Då har vi skredkurs, toppturar, snøholetur, skileik og kurs i telemark.

Hvis fiskeridirektoratet opnar for det vil det bli seljakt, og om viltnemda vil blir det skadefelling av gås.

Vi skal drive med kajakk og klatring, og du får høve til å ta brattkort. Det blir segltur med line- og garnfiske, dorging etter sjøørret, revejakt og harejakt med hund. Det siste jaktprosjekt er villsvin– og beverjakt i Sverige. Vi reiser til Dylta Bruk, ei perle utanfor Karlstad.

Utstyr
I tillegg til det som står på utstyrslista, må du som elev på Jakt og fiske ha ei hagle og ammunisjon (ca. 50-100 skot). Veldig bra om du også har jaktrifle (vi har nokre rifler som vi leiger ut for sesongen), rifleammunisjon og tohandskikkert.

Pris på linja finn du her 

Sjå meir +
"Ein dag på hjortejakt fekk eg auge på ein bukk, og plutseleg hadde eg puls på 170! Og då satt eg dønn i ro!" - Hanne Lindtveit

PAKKELISTE

• Ullstillongs og ulltrøye
• Ullgensar, varme kle
• Vindtett anorakk og bukse
• Signalfarga lue/caps
• Regnkle og støvlar
• Hue, vottar og buff/hals/skjerf
• Gamasjar
• Fjellsko
• Skiutstyr: Du bør ha randonee eller telemarkski med stålkantar
• Skifellar
• Ryggsekk: Bør romme minimum 75 liter
• Dagstursekk
• Sovepose: Må vere så varm at du kan sove ute om vinteren
• Liggeunderlag
• Termos. Bestikk, fat og turkopp i hardplast
• Matboksar: Ta med mange. Til bruk både på skulen og på tur. Hugs å merke dei godt. Isboksar fungerer kjempebra til matboks på tur.
• Kniv
• Enkelt førstehjelpsutstyr
• Kompass, evt m klinometer, kartmappe
• Lommelykt evt hovudlykt
• Solbriller
• Snøspade og søkestang
• Hjelm til bruk i skianlegg
• Kle og sko til trening både ute og inne (hugs sko med lyse solar)
• Hagle (kan leige). Rifle(kan leige)
• Rifleammunisjon(kan kjøpe her)
• Våpenkoffert
• Hagleammunisjon, ca 50 stk
• Fiskeutstyr
• Badetøy til bruk i badestampen!
• Sykkel
• Dyne og pute
• Laken, dynetrekk og putevar
• Handkle
• Klehengarar
• Febermålar, paracet osv
• Kopp/glas/tallerken/skål/bestikk til å bruke på internatkjøkkenet
• Pass
• Reiseforsikring: Alle elevar må ha eigen reiseforsikring.
• Innbuforsikring: Mange er dekt av foreldra si innbuforsikring, men sjekk for å vere sikker! Det er viktig at du har forsikring på tinga dine som du tek med.
• Viss du har kan du ta med fjellduk og tohandskikkert

NB! Du treng ikkje alt som står på lista frå skulestart. Det som høyrer vinterfriluftslivet til kan handlast inn i løpet av året.

Sjå meir +
Per Momrak
Friluftslivlærar, Avdelingsleiar friluftsliv