Kiteekspedisjon til Bergsjø

«Du kjenner vinden tar tak i kiten og du cruiser over vannet, med strålende sol og Hallingskarvet i bakgrunnen». Dette sa Judith, som i veke 9 var med på ei svært vellykka prosjektveke. Eit par gonger i løpet av året på Nordfjord er det nemleg tid for prosjektveke, kor elevane vel ulike prosjekter på tvers av klassane. Gjengen som valde kiting tok eit godt val, for både vind- og vêrforholda la til rette for ei framifrå veke med mykje kiting. For dei fleste er kiting ein ny aktivitet, noko som gir rom for ei god læringskurve.

Prosjektveka starta morgonen tysdag 2. mars med ein 5-timars lang biltur til Bergsjø, som ligg i Ål kommune. Bergsjøen er ein svært god stad for kiting på grunn av sitt opne landskap, i tillegg til at det ofte bles frå vest. Då kan ein kite nord-sør på Bergsjøen.

Innføring i kiting

Då kitegjengen kom til Bergsjø starta vekas kiteeventyr. Denne veka fekk dei instruksjon, kite og anna utsyr av «Kiteskolen», som blant anna held til på Bergsjøstølen fjellstue. Første dag var det tid for å kome i gang med det grunnleggjande innan kiting, så denne dagen brukte dei ikkje ski i instruksjonen. Dei fekk mellom anna innføring i korleis ein kiter og rigger kiten på ein trygg måte, i tillegg til meir om korleis ein kite fungerer. Ord som «chicken loop», «donkey dick», liner, bar, trapes og «leading edge» er alle nokre av orda ein må ha kontroll på.

Campliv

Denne prosjektveka sov kitegjengen tre netter i telt, så etter første dag med kiteinstruksjon var det tid for rigging av ein skikkeleg camp. Då blei telta satt opp og nokon fekk ansvar for å lage latrine og samlingsplass for kveldssamling. Værmeldinga var god, og med heilt overkommelege temperaturar, sol og ikkje for mykje vind var alt lagt til rette for gode dagar i camp.

Desse dagane i camp var nokså avslappande, og søvn fekk ein overskudd av. I eit elles travelt folkehøgskuleliv med lite søvn er dette noko av det beste med vintertur! I løpet av sånne dagar i camp blir ein også «rutta» på snøsmelting til drikkevatn og matlaging på primus.

Idyllisk å vakne til dette synet i camp!

Kiting

Onsdag, tordag og fredag var det kiting på programmet. Bergsjøen leverte ypperlege forhold for kiting, så forholda låg til rette for mykje kiting og meistring. Etter ein halv dag var heile gjengen på ski med kite, og ferdigheitsnivået skaut til værs. Alle dagane var det med ein instruktør frå kiteskulen, så ein kombinasjon av teori, praktisk øving og frileik gav resultater. Etter kvart som folk begynte å forstå seg på korleis vinden og kiten samhandler, var det tid for å eksperimentere. Under trygge forhald selvfølgelig! Mange prøvde mellom anna å lære seg å hoppe med kiten, noko som krev litt «gønning», trening og timing.

Etter kitinga på fredag og fleire dagar med mykje kiting meistra alle det å kite, og gjengen fekk beskjed om at dei nå var flinke nok til å kunne kite på eigenhand. Heilt rått!

Skyfri himmel, sol og perfekt kitevind, - Maria Heiberg Larsen

Midt på dagen på fredagen var det tid for heimreise. Takk for nå, Bergsjø!

Samholdet i gruppen ble styrket av sene kvelder rundt bålet med allsang til Tore Tang og gåturer under stjernehimmelen for å holde varmen. - Judith Røynstrand og Maria Heiberg Larsen

Her er ein video frå denne svært vellykka kiteekspedisjonen til Bergsjøen.

Foto og film: Peder Undheim