Nabolagets feitaste moro

Vi må faktisk knipe oss litt i armen, men vi har altså eit stisykkelsenter rett ved skulen. Dette er nybygd i 2019, og er utruleg moro å sykle i.

Før ein starta på å bygge denne stien var dette ein ubrukt skog 5 minutts sykkeltur frå skuleplassen. No har vi, ilag med Gloppen kommune, brukt nokre tusen dugnadstimar og eit firma som heiter Rekkje Stiutvikling på å omskape det til ein herleg leikeplass. Det er tidlegare elevar og tilsette ved folkehøgskulen som har stått for veldig mykje av dugnadsarbeidet.

Her har du utfordring nok uansett kva nivå du er på når det gjeld sykling. Skulen har klassesett med fulldempa terrengsyklar som vert brukte når linjene er på tur i området.