Fart, breie smil og adrenalin i store dosar! Det er eksotisk å sykle opp på eit fjell. Og minst like eksotisk å sykle ned att.

Frå 2016 har vi 15 fulldempa terrengsyklar som står klare i sykkelstallen på skulen. Det betyr at ei heil klasse kan ha terrengsykling som fag – med topp utstyr. I nærleiken av skulen finst det mange stiar som passar godt til å sykle på, du får prøve aktiviteten både i valgfag og som dagsopplegg på
dei fleste linjene.

Rett ved skulen ligg fjellet Haugsvarden. Her går det flotte ruter som mellom anna var avbilda på framsida av magasinet «Terrengsykkel» i april 2015. Tittelen var «Vestlandets villeste». Reportasjen handla om ei rekke flotte sykkelstiar i Nordfjordregionen. I boka «Stisykling i Norge» som også kom ut i 2015, blir ruta frå Haugsvarden omtalt slik av forfattar Kristoffer Kippernes: «…svingene ned fra Haugsvarden gir deg en av de aller beste nedkjøringene i Norge».

Syrefest utan like
Syrefest utan like
Magasinet Terrengsykkel (april 2015) og Boka Stisykling i Norge har begge flott omtale av stiane i Gloppen og Nordfjord (ill: ffshop.no)

Lærar og instruktør Erlend Aunevik er ein ivrig stisyklar. Han underviser i terrengsykling som fag, og der får elevar både lære og praktisere stisykling og teknikktrening, bygging av berekraftige stiar, bruk av nærområde og gode møte med andre brukarar av stien. – «Den flottaste ruta er den ned frå Haugsvarden», seier Erlend. Langs stien er det flott utsikt med fjord på begge sider, det er ein fantastisk sykkeltur. Turen endar opp på skulen, då har du fått nesten 800 høgdemeter med alt du måtte ynskje deg av sykling og utfordringar.

Les meir: friluftslivskulen.no/magasin/terrengsykling/

Stiguidar:

Stiguide Sandane

Kampanjefilm frå Destinasjon Nordfjord om sykkelstiar i Nordfjord (Stryn, Gloppen og Eid), sjå filmsnutt nedanfor:

Terrengsykling i Nordfjord (film: Destination Stryn & Nordfjord )