Alpane har si Haute Route, som er blitt noko av det hottaste innan tinderangling og skikøyring i Europa. I Noreg er vi ikkje noko dårlegare,- Høgruta (Haute Route på norsk) i Jotunheimen matchar absolutt denne.

Ski, Eat, Sleep, Repeat

Turen gjeng over nokon av dei høgaste toppane i Norge med den flottaste utsikta over Jotunheimens ville formasjonar. Etter mange motbakkar og feite nedkøyringar kan du dune inn på ei hytte og innta ein betre middag før senga ventar. Og så er det på´an igjen! Ski, eat, sleep, repeat!

 

Varianten av Høgruta vi går er slik:

Dag 1 Bessheim-Besshøe 2258 moh.-Memrubu

Dag 2 Memrubu- Surtningssue 2368 moh- Glitterheim

Dag 3 Glitterheim- Glittertind 2452 moh.- Spiterstulen

Dag 4 Spiterstulen – Galdhøpiggen 2469 moh. – Spiterstulen

 

Lese meir om heile turen her: Høgruta i Jotunheimen