Tog gjennom Europa for å klatre på stein

Sør i Frankrike fins eit nydeleg område for buldring, mange meiner det er eit av dei beste i Europa. Fountainebleu er ein bitteliten plass med veldig mykje god sandstein. For å kome dit reiser vi på interrail gjennom fleire land og har det veldig hyggeleg på reisa saman. Tog  for fly,- ein miljøvenleg måte å kome fram på.

Vel framme ventar herleg buldring, altså klatring på steinar utan bruk av tau, lunsj på crash-paden (matte som tar av for evt. fall), og masse tid til å vere sosiale.  Dette er ei veldig god investering når vinteren smyg seg innpå i Noreg, og det vert for kaldt til å ha triveleg utandørs-klatring.

Nokre innblikk i fransk kultur vert det også tid til, og i alle fall ein croissant per dag!

 

Buldretur til Fontainebleau
Buldretur til Fontainebleau