Europas surfparadis

Biarritz er ein vakker stad. Med langstrekte strender og surfesjapper rundt kvar einaste sving. Koselege gater og syklar til utleige gjorde at utforskinga av byen òg vart ein del av opplevinga. For ikkje å snakke om dei hyggelege hyttene på campingen. Her fekk ein lage mat i mindre fellesskap, prate om dagen og surfen, og kanskje ta eit slag kort. Vi tok med oss tuninga (Nordfjord-omgrep for å besøkje kvarandre) òg til hyttene i Frankrike.

 

Surf

Surf stod på planen mesteparten av dagane, både med og utan instruksjon. Alle fekk meistre på sitt nivå, med god hjelp frå dei franske instruktørane. Sjølv om surfing krev mange timar i vatnet, er det ei ubeskriveleg kjensle når bølgja først sit. Alle kunne seie seg einige om at det var verdt det.

Kjensla av å vere eitt med vatnet er ubeskriveleg.

 

“The waves don’t wait!”

Aktiv kvardag

Sjølv om surf tok mykje av tida, gjorde vi òg andre aktivitetar. Volleyball på stranda, fotball, spikeball-turnering, leik i bølgjene, synkronsvømming i bassenget og swing i regnet. Det vart òg ein joggetur her og der for dei som var gira, anten det var for å kjøpe baguett om morgonen eller sjå på solnedgangen om kvelden.

 

Når bussturen blir ein del av reisa

God stemning, underhaldning utan like, verdifulle samtalar og mykje variert natur å sjå. Ikkje minst får ein ei kjensle av kor langt det faktisk er til Frankrike. Det å køyre mange timar kvar dag saman med folk ein skal tilbringe eit heilt år med, er faktisk ganske fint. Vi hadde med oss to fantastiske bussjåførar som gjorde det vesle ekstra for at vi skulle trivast på tur.

 

Takknemlege

Takk, Biarritz, for eit godt opphald med god surf. Vi fekk stå på den bølgja, ha den samtalen, sjå den solnedgangen og utforske dei beste sidene av byen. Det vart ein tur med mange opplevingar som vi seint vil gløyme. Som instruktørane sa: “The waves don’t wait!”

Forfattarar: Anna Feed og Hedda Salvesen